Billboard 200

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Billboard 200 er namnet på den lista som kvar veke rangerer dei 200 best selde musikkalbuma i USA. Lista blir offentleggjort regelmessig kvar veke i magasinet Billboard.

Lista blir basert heilt på salet (både i detaljhandel og på internett, i nedlastiningsform) i USA. Salet byrjar på måndag og avsluttast på søndagen. Dei nya salstala vert gjort kjende på torsdagen og publisert i magasinet komande laurdag.

Døme (2007):
Måndag 1. januar — salsveka byrjar
Søndag 7. januar — salsveka avsluttast
Torsdag 11. januar — den nya lista blir publisert og er med i magasinet som kjem ut laurdagen den 20. januar

Historie[endre | endre wikiteksten]

Billboard byrja å samle saman albumlista allereie i 1945. Innleiingsvis inneheldt lista berre fem plasseringar, og var i byrjinga ikkje publisert med faste mellomrom - alt mellom 3 til 7 veker kunne passere innan lista vart oppdatert. Etter rocken sitt gjennombrot byrja Billboard frå og med den 24. mars 1956 å utgje lista med eit mellomrom på ei veke. Antalet plassar på lista varierte enno på mellom 10 og 20. Det første albumet som toppa lista var Belafonte av Harry Belafonte.

Frå og med 25. mai 1959 delte Billboard opp albumlista i to separate delar, ein for stereoalbum (tjue plasseringar) og ein for monoalbum (femti plasseringar).

Den 17. august 1963 slo ein dei to separate listene saman att til ei liste med 150 plasseringar kalla Top LPs. Den 1. april 1967 vart lista utvida til 175 plassar og til slutt til 200 plassar den 13. mai 1967. I 1972 endra lista namn til Top LPs & Tapes; I 1984 fekk lista namnet Top 200 Albums; 1985 vart tittelen endra til Top Pop Albums; I 1991 fekk lista namnet The Billboard 200 Top Albums før ho til slutt fekk sitt noverande namn, The Billboard 200, den 14. mars 1992.

Statistikk[endre | endre wikiteksten]

Artistar med flest album på lista[endre | endre wikiteksten]

Artistar med flest album på Topp 10[1][endre | endre wikiteksten]

Artistar med flest album øvst på lista[endre | endre wikiteksten]

Artistar som har vore lengst på førsteplass[endre | endre wikiteksten]

Album som har vore lengst på førsteplass[endre | endre wikiteksten]

Flest veker på lista[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fred Bronson's Chart Beat Chat for May 18, 2007

Kjelder[endre | endre wikiteksten]