Misjonsbodet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Misjonsbodet er det oftast brukte namnet på Jesus frå Nasaret sin siste tale til læresveinane sine. Talen vert gjerne rekna som programerklæringa for all kristen misjon. Misjonsbodet finst i noko ulike versjonar i Det Nye Testamentet. Talen består delvis av eit oppdrag til læresveinane og delvis av lovnader knytt til gjennomføringa av oppdraget.

Innhaldet i oppdraget.[endre | endre wikiteksten]

Den oftast siterte versjonen av talen er frå Evangeliet etter Matteus: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»

Opp gjennom historia har dei fleste kyrkjesamfunn sett på dette som tre sentrale oppgåver i misjonen deira: 1) Forkynna for alle folkeslag. 2) Døypa dei som tek imot bodskapen. 3) Undervisa.

Det mest radikale i denne talen var bodet om å gå til alle folkeslag. Jødedommen var på den tida på mange måtar ein etnosentrisk religion, som i hovudsak inkluderte menneske som var fødde inn i religionen. Ved å by at bodskapen skulle forkynnast for alle menneske uansett nasjonalitet, opna høvet seg for at kristendommen kunne gå frå å vera ei jødisk sekt, til å bli ein verdsomfattande religion.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]