Jødedommen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jødedommen
Star of David.svg
Skrifter
Tanákh
Torá · Nebiím · Ketubím )
medrásj · Mekhiltá
Haggadá · siddúr
Talmúd
Misjná · Jerusjalmí
Bablí · Toseftá
Emunót vede‘ót
Misjné Torá
Moré nebukhím
Sjulḥán ‘arúkh · Mappá
Me‘ám lo‘éz
S. jesirá · Bahír · Zohar
Gudsteneste og bøn
Tempelet i Jerusalem
synagoge · minján
sjaḥarít · musáf
minḥá · ne‘ilá · ʿarbít
Modé aní · Sjemá‘
torálesing
kaddísj · ‘amidá
prestesigninga
‘alénu
kiddúsj · hammosí
b. hammazón
habdalá
Merkedagar
det jødiske året
pesah · ‘omer · sjabu‘ót
tisj‘á beáb · seliḥót
rosj hasjaná · kippúr
sukkót · sjeminí ‘aséret
simhat Torá · hanukká
tu bisjbát · purím
Livssyklus
berít milá
pidjón habbén
zebed habbát
bar miṣvá · bat miṣvá
bryllaup
Rituelle yrke
rabbinar · ḥazzán
daján · gabbáj
sofér · sjoḥét
Daglegliv
halakhá · bet din
mat · kasjrút  sjeḥitá
mikvé · tebilá · sjabbát
tallét · tefillín
Kulturell inndeling
sefardisk · askenasisk
mizrahisk · jemenittisk
italkisk · romaniotisk
Beta Esrael · Bene Israel
cochini · b. Menasjé
Teologisk inndeling
samaritansk
karaittisk
rabbanittisk
ortodoks · ḥasidisk
konservativ · reform
rekonstruksjonistisk
renewal · humanistisk
 
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme
Hovudrommet i ein synagoge (eit jødisk gudshus). (Foto: «Joaotg»)

Jødedommen er den religiøse kulturen åt det jødiske folket. Han er ein av dei først dokumenterte monoteistiske religionane og ein av dei eldste religiøse tradisjonane som framleis blir praktisert utan avbrot. Trusprinsippa og historia åt jødedommen dannar ein hovuddel av grunnstammen i dei andre abrahamittiske religionane, inkludert kristendommen og islam (med dei to utleidde religionane bahá’í og sikhisme). Den hebraiske Bibelen, Tanákh, er såleis òg heilag skrift for dei kristne og blir av dei kalla Det gamle testamentet.

Over dei siste om lag 2500 åra har jødedommen ikkje vore monolittisk i praksis og har ikkje retta seg fullt ut etter noka enkelt sentralisert og allment godteken autoritet eller bindande dogme. Trass i dette har jødedommen i alle sine variasjonar halde seg relativt tru mot ei rad religiøse prinsipp. Det mest sentrale av desse er trua på éin enkelt, allvitande transcendent Gud som skapte universet og fortset å spela ei rolle i det. Etter jødisk tru inngjekk den Gud som skapte verda ei pakt med det jødiske folket og openberra lovane og boda sine åt dei i form av Toráen. Jødisk religiøs og kulturell praksis har utgangspunkt i studiet og utøvinga av desse lovane og boda slik dei blir tolka av dei ulike antikke og moderne autoritetane.

Jødedommen lèt seg ikkje enkelt definere inn i konvensjonelle vestlege kategoriar som religion, etnisitet eller kultur — delvis på grunn av si godt over 3000 år gamle, samanhengande historie. I denne tida har jødane opplevd slaveri, anarkistisk sjølvstyre, teokratisk sjølvstyre, erobring, okkupasjon og eksil. Det jødiske folket har vore i kontakt med, og vorte påverka av, gammalegyptisk, babylonsk, persisk, hellenistisk og romersk kultur såvel som renessansen, opplysningstida (sjå t.d. haskalá) og 1800-talets nasjonalromantikk og nasjonalisme. Ut frå denne bakgrunnen har Daniel Boyarin hevda at “Jewishness disrupts the very categories of identity, because it is not national, not genealogical, not religious, but all of these, in dialectical tension.” («Jødiskheit strid mot sjølve grunnkategorien ‘identitet’ fordi ho ikkje er nasjonal, ikkje genealogisk, ikkje religiøs, men alle desse i dialektisk spenning.»)

Slik sett har dei mange som opp gjennom årtusena har konvertert til jødedommen ikkje berre til teke seg ei tru, men òg ein etnisistet — som det går tydeleg fram av den kanskje mest kjende konverteringa, når Rut i Ruts bok (ein del av både den jødiske Tanákh og det kristne Gamle testamentet) seier åt Na‘omi: עמֵּךְ עַמִּי וֵֽאלֹהַֽיִךְ אֱלֹהָי׃ «Folket ditt er folket mitt, og Guden din er Guden min!» (Ruts bok, kap. 1, v. 16)

I mange religionar er det vanleg å dra på valfart til spesifikke heilage stader i løpet av året eller livet — jfr. hadj til Mekka i islam og pilegrimsfart til Roma, Jerusalem eller Betlehem i kristendommen). I jødedommen er det tre slike valfartsfestar — pesaḥ (påske), sjabu‘ót (jød. pinse) og sukkót (lauvhyttefesten). Medan Tempelet i Jerusalem stod, drog alle jødar i Israel som det var praktisk mogleg for på valfart til Tempelet for påskeofferet. I dei fleste utgåver av Haggadá sjel pesaḥ, eller haggadáen, seier ein לְשָׁנָה הַבָּאָה בִּירֽוּשַׁלַֽ‌ִם — «Året som kjem, i Jerusalem

Det jødiske bøneritualet er kodifisert i ein siddúr (bønebok). Ein bed i utgangspunktet tre gonger dagleg — anten privat eller i synagogen.

Innleiing[endre | endre wikiteksten]

Den sjuarma menoraen (lysestaken) vart bruka i Tempelet i Jerusalem og er eit gammalt symbol for jødedommen.

Både tradisjonell jødisk tru og dei fleste historisk-kritiske forskarar reknar visse trekk som ulike frå dei andre religiøse kultane som fanst på den tida at jødedommen skilde seg ut som eigen religion. Eitt slikt trekk var monoteismen. Dette trekket var, etter historikaren Yehezkel Kaufman sitt syn, signifikant i og med at jødedommen hevda at Gud skapte — og bryr seg om — menneskja. I polyteistiske religionar rekna ein ofte med at menneska vart skapte ved eit uhell, og at gudane primært er opptekne av forholdet til andre gudar heller enn til menneska.

Eit anna særtrekk er at Toráen spesifiserer at israelittane skal leva etter eit antal bod (613 miṣvót etter rabbanittisk jødedom). Andre trussystem på same tid legg hovudsakleg eller eksklusivt vekt på templa der prestane tilbad gudane sine gjennom ofring. Israelittane hadde òg eit system av tempel, presteskap og offerritual — men desse var ikkje den einaste måten å tena Gud på.

Monoteisme[endre | endre wikiteksten]

Bibelkritikarar er ikkje einige om kva tid monoteismen oppstod i jødedommen. Tradisjonelle jødar hevdar at dette er uttrykt direkte i Toráen, der Gud integrerer dette i Dei ti boda:

«Eg er JHVH, guden dykkar, som brakte dykk or landet Egypt, frå slavehuset. Ikkje vere det åt dykk andre gudar føre åsynet mitt. Ikkje gjer åt dykk avgudsstatuar eller kva som helst slags bilete som [representerer noko] i himlane ovanfor eller <som> på jorda nedanfor eller <som> i vatna nedanfor jorda; ikkje bøy dykk åt dei og ikkje ten dei — for eg er JHVH guden dykkar, ein streng gud, gjer vitjing for overgrepa åt fedrar på borna og på tredje og fjerde ættarled åt dei som hatar meg; og gjer godt til tusen [ættarled] til dei som elskar meg og til dei som vaktar boda mine.» (ordrett omsetjing frå 2. mos. 20:2–6 = 5. mos. 5:6–10)

Dette synet blir vidare understreka av det første verset av Sjemà‘ (5. mos 6:4), som kan omsetjast på to måtar:

  • «Høyr, Israel: JHVH er guden vår; JHVH er éin!»
  • «Høyr, Israel: JHVH er guden vår; JHVH åleine!»

Slik er altså trua på Guds eksistens, på Guds æve, på Gud som einaste skapar av alt som finst og på Gud som forfattaren av verdshistoria, sjølve fundamentet i jødedommen som religion. Å vende seg bort frå denne trua er å vende seg bort frå Gud og frå essensen av jødisk tru etter den jødiske forståinga av Dei ti boda. Vidare blir det kravd at ein ikkje skal tru på noko anna enn Gud og Gud åleine. Dermed er tru på eller dyrking av fleire guddommar, ander eller inkarnasjonar forbode etter jødisk tru. Idéen at Gud er ein dualitet eller ei treeinigheit er rekna som eit kjettersk syn og som eit steg mot polyteisme.

Det er òg forbode å «gjera [seg] avgudsstatuar eller [...] bilete som [representerer noko] i himlane ovanfor eller <som> på jorda nedanfor eller <som> i vatna nedanfor jorda; ikkje bøy dykk åt dei og ikkje ten dei». Dette blir i jødedommen sett på som eit totalforbod mot alle skulpturar eller bilete som ein sjølv eller andre kan komma til å bøye seg for og tena, inkludert krusifiks og religiøse ikon og alle måleri eller andre kunstnarverk som representerer Gud. Ein må ikkje bøye seg for eller tena noko anna vesen eller objekt enn Gud åleine.

Praktisk gudsteneste og dei 613 boda[endre | endre wikiteksten]

Praktisk gudsteneste inkluderer i jødedommen å helge kvardagslivet til det andelege nivået i Tempelet i Jerusalem ved å tena Gud gjennom dei vanlege aktivitetane i dagleglivet. Slik er t.d. matbordet sett på som eit offerbord der ein reinsar seg først (gjennom handvask med tilhøyrande signing) og òg seier signingar føre og etter maten. Ved sanseinntrykk (særleg syn, høyrsel, lukt og smak) finst det særskilde signingar som blir framsagde. Til og med etter toalettbesøk finst det ei eiga signing. Det heiter tradisjonelt at dette er ein viktig del av korleis kvar jøde kan oppnå eit betre liv i ‘Olám habbá (‘verda som kjem’) eller Gan ‘Éden (paradis). Merk likevel at det ikkje finst noko enkelt eller eintydig bilete av livet etter døden i jødedommen, og livet etter døden er heller ikkje eit sentralt område i jødisk tru.

Utviklinga av jødedommen[endre | endre wikiteksten]

Religiøst syn[endre | endre wikiteksten]

Temaet i Tanákh (Den hebraiske bibelen) er israelittane (òg kalla hebréarane) sitt tilhøve til Gud som det attspeglar seg i historia deira frå den første byrjinga til bygginga av det andre Tempelet i Jerusalem kring 350 fvt. Dette tilhøvet er skildra som problematisk, med israelittane sin indre konflikt mellom trua på Gud og tiltreknaden til andre gudar og med nokre israelittar — særleg Abrahám, Ja‘akób (Jakob; seinare kjend som Jisraél) og Mosjé (Moses) — sin kamp med Gud.

Etter trua i ortodoks jødedom og blant dei fleste tradisjonelle og/eller religiøse jødar, var Abraham den første jøden. Den rabbinske litteraturen hevdar at han var den første til å avvise avgudsdyrking og til å preike for monoteisme. Som løn lova Gud at Abraham skulle få born: “Sjå no til himmels og tel stjernene — om du greier å telja dei;” og [Gud] sa åt honom: “Slik skal han vera, sæden din.” (1. mos. 15:5) Det første barnet til Abraham var Jisjma‘él, og den andre sonen hans var Jiṣ’ḥák (Isak), som Gud sa skulle fortsetja arbeidet åt Abraham og erve landet Israel (då kalla Kena‘an (Kanaan)), etter å ha vorte sendt or landet og berga att. Gud sendte patriarken Ja‘akób og borna hans til Egypt, kor dei vart gjorde til slavar nokre generasjonar seinare. Så sendte Gud Mosjé (Moses) for å berge israelittane frå slaveriet, og etter utgangen or Egypt, leidde Gud dei til Sinaifjellet og gav dei Toráen, for til slutt å føre dei til landet Israel.

Gud sette til oppgåve for etterkommarane av Mosjé sin bror Aharón (Aron) å vera ein kohén (jødisk prest) i det israelittiske samfunnet. Dei tenestegjorde først i Paktteltet, og seinare hadde etterkommarane deira ansvaret for gudstenesta i Tempelet i Jerusjaláim (Jerusalem).

Straks israelittane kom inn i Israel, vart paktteltet sett opp i byen Sjiló og vart verande der i over 300 år medan Gud lét store menn og nokre kvinner forsvara nasjonen mot fiendar som gjekk til åtak på dei — nokre av desse fiendane vart sende som straff for israelittane sine synder. Dette er skildra i Josvas bok og Domarane. Etter som tida gjekk, sokk det andelege nivået åt israelittane så djupt at Gud lèt filistinarane plyndre paktteltet i Sjiló.

Israelsfolket fortalde da profeten Sjemu’él (Samuel) at dei hadde nådd punktet at dei trengde å styrast av ein permanent konge på same vis som andre nasjonar, som det er skildra i Samuelsbøkene. Gud visste at dette ikkje var det beste for dei, men gav etter for bønene deira og lét Sjemu’él utnemne Sja’úl (Saul), ein stor men svært audmjuk mann, til å vera kongen deira. Da folket pressa kong Sja’úl til å gå mot ein ordre som Sjemu’él gav honom, bad Gud Sjemu’él om å utnemne Davíd i staden hans.

Vestmuren (òg kalla «Klagemuren») i Jerusalem er alt som er kjent å stå att etter det andre Tempelet. Tempelberget er den aller heilagaste staden i jødedommen.

Med ein gong kong Davíd hadde teke over, fortalde han profeten Natán at han ønskte å byggje eit varig tempel, og som løn for gjerningane hans lova Gud Davíd at han ville lata sonen hans byggje tempelet, og at trona aldri skulle falle or hendene å borna hans. Davíd sjølv kunne ikkje byggje tempelet fordi han hadde vore involvert i mange krigar — noko som gjorde det umogleg for honom å byggje eit tempel som skulle representere fred. Dermed vart det sonen hans, kong Sjelomó I av Israel (Salomo el. Salomon) som kom til å byggje det første permanente Tempelet, etter Guds vilje, i Jerusalem — som det står skrive i Kongebøkene.

Etter at kong Sjelomó døydde, vart kongedømmet hans delt i dei to kongedømma Israel og Jehudá (Juda). Etter fleire hundre år med mykje avgudsdyrking i Nordriket (Israel), lét Gud Assyria leggje Nordriket under seg og sende folket i eksil. Sørriket (Jehudá), som hadde Jerusalem som hovudstad, vart verande under styret åt Davids hus; men, som det òg hadde skjedd i Nordriket, vart det så mykje avgudsdyrking i Sørriket at Gud lét Babylon leggje under seg Jehudá, øydeleggje Tempelet som hadde stått i 410 år og føre folket i eksil i Babylon med løfte om at dei skulle få fridommen sin att etter 70 år. Desse hendingane er skildra i Jesja‘jáhu (Esaias bok) og Jirmejáhu (Jeremias bok).

Etter sytti år fekk jødane (som innbyggjarane av det tidlegare Sørriket (Jehudá) no vart kalla), komma tilbake til Israel att under ‘Ezrá si leiing og Tempelet vart atteroppbygd, som det står skrive i Ezras bok og Nehemjas bok. Det andre Tempelet i Jerusalem vart ståande i 420 år, og vart så øydelagt av den romerske generalen og seinare keisaren Titus i år 70 evt. Det jødiske tempelet vil liggja i ruinar inntil ein etterkommar av kong Davíd ris opp og atteropprettar Israels ære og byggjer opp att Tempelet i Jerusalem.

Toráen som vart gjeven israelsfolket på Sinaifjellet vart oppsummert i dei fem mosebøkene. Saman med Nebi’ím (Profetane) og Ketubím (Skriftene) utgjer han Den skriftlege Toráen. Detaljane og tolkinga av lova, som blir kalla «Den munnlege Toráen», var opphavleg ikkje nedskriven. Men ettersom forfølginga av jødane auka og tradisjonen etterkvart stod i fare for å bli gløymd, seier den rabbanittiske tradisjonen at desse munnlege lovane vart nedskrivne i Misjná og Talmúd, såvel som i andre heilage skrifter.

Historisk-kritisk syn[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om monoteismen er eit grunnleggjande drag i rabbanittisk jødedom, hevdar fleire kritiske bibelforskarar at visse vers i Toráen impliserer at dei tidlege israelittane aksepterte at fleire gudar fanst, medan dei såg sin eigen Gud som den einaste Skaparen — og som derfor var den einaste som skulle tenast — eit henoteistisk syn ikkje heilt ulikt kva ein finn i delar av hinduismen.

Etter det desse forskarane hevdar, vart det først under hellenismen at fleirtalet av jødar ome til å tru at deira Gud var den einaste Gud — og dermed alles Gud — og at Guds openberring av Toráen inneheldt universelle sanningar. Forskarane står for synet at denne nye haldninga reflekterte ei aukande ikkje-jødisk interesse i jødedommen. (Nokre grekarar og romarar rekna jødane som eit svært «filosofisk» folk fordi dei trudde på ein Gud som ikkje kunne avbildast visuelt.) Samtidig førte aukande jødisk interesse for gresk filosofi, som søkte å finne universelle sanningar, til (i alle fall potensielt) idéen om monoteisme — i det minste i tydinga av at «alle gudar er Éin».

Etter denne teorien byrja jødar å bryne seg på spenninga mellom partikularisme (at berre jødar plikta å overhalde Toráen) og universalisme (at Toráen inneheld universelle sanningar). Det postulerte resultatet er eit sett av trusprinsipp og religiøs praksis som gjeld identitet, etikk og samhøvet mellom menneskja og naturen og menneskja og Gud som undersøkjer og vektlegg «skilnader» — som t.d. skilnaden mellom jødar og ikkje-jødar; dei lokale skilnadene i jødisk praksis; eit skarpt blikk på skilnaden i tydingane til tre ord under teksttolking; forsøk på å halde på og kodifisere ulike synspunkt innanfor tekstane; og ei relativt markant unngåing av trusprinsipp og dogme.

I motsetnad til det ortodokse religiøse synet på Den hebraiske bibelen, postulerer kritiske bibelforskarar òg at Toráen er oppbygd av eit tal inkonsistente tekstar som vart redigerte saman på ein måte som rettar merksemda mot avvikande tradisjonar — sjå dokumentarhypotesen.

Religiøs doktrine og trusprinsipp[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Jødiske trusprinsipp.

Medan jødedommen alltid har halde på eit tal jødiske trusprinsipp, så finst det ikkje noka universelt godteken truvedkjenning, nokon fast dogmatikk, nokon fast definert korpus av ortodoks tru eller nokon fullt ut bindande katekisme. Denne pluralistiske haldninga til religiøs lære går attende minst 2 000 år og gjer det vanskeleg å gjeva noka fulldekkjande skildring av jødisk teologi. Enkelte rabbinarar, meinigheiter og rørsler har til tider vore einige om faste trussetningar, men samtidig har andre rabbinarar og jødiske grupper gjerne vore ueinige i detaljane. Sidan det spesifikt ikkje finst nokon sentralisert religiøs autoritet, har normalt ikkje noko spesifikt trusprinsipp vunne over noko anna trusprinsipp.

Da den jødisk-romerske historikaren Josephus prøvde å definere kven som er jødisk, la han vekt på religiøs praksis og tradisjonar heller enn på religiøs tru, og han definerte heresi som avvik i praksis heller enn som avvik i tru. Han viste til at konvertering til jødedommen inkluderte omskjering [av menn] og å binde seg til å halde seg til tradisjonell jødisk praksis. Samtidig er det på den andre sida klårt at trusprinsipp òg kan spela ei rolle, særleg i ortodoks jødedom. Trusprinsipp som ortodoks jødedom reknar som viktige nok til at den som avvisar dei offentleg risikerer å bli rekna som apikoros (‘heretikar’) inkluderer trua på at Toráen vart openberra av Gud.

I løpet av århundra er eit tal klåre formuleringar av jødiske trusprinsipp vortne framsette; mange av dei med visse fellestrekk, men med avvik i mange detaljar. Ei grundig saumfaring av dei viser mykje variasjon i toleransen for ulike teologiske perspektiv. Av alle desse er den formuleringa som blir rekna som mest autoritativ dei tretten trusprinsippa åt Maimonides:

  1. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, Han skapte og rettleidde alt det skapte; og Han åleine laga, lagar og vil laga alt det lagde.
  2. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, Han er Éin, og det finst ikkje ein skapar som Han blant alle andlet; og Han åleine var, er og vil vera vår Gud.
  3. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, ikkje har kropp, ikkje noko kroppsleg kan setjast i samband med Honom og Han har ikkje noka som helst slags form.
  4. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, Han er den Første og Han er den Siste.
  5. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, Han åleine er det rett å be til; og det er ikkje rett å be åt nokon annan.
  6. Eg trur med full tillit at alle profet-orda er sanne.
  7. Eg trur med full tillit at profetiet åt Mosjé (Moses) læraren vår, fred vere med honom, var sant, og at han var far åt alle profetane, dei som var føre honom og dei som var etter honom.
  8. Eg trur med full tillit at heile Toráen som vi eig no er den Toráen som vart gjeven åt Mosjé, læraren vår, fred vere med honom.
  9. Eg trur med full tillit at denne Toráen ikkje vil endrast, og det vil ikkje komma ein annan Torá frå Skaparen, signe Namnet Hans.
  10. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, veit alle gjerningar åt menneska og alle tankane deira — som det er sagt: «Den som formar hjarta deira alle, Den som skjønner alle gjerningane deira.» (Salme 33:15)
  11. Eg trur med full tillit at Skaparen, signe Namnet Hans, gjer godt mot voktarane av boda Sine, og straffar overtrædarane mot boda Sine.
  12. Eg trur med full tillit at Masjíaḥ (Messias) vil komma, og enda om han lèt vente på seg, vil eg venta kvar dag på at han kjem.
  13. Eg trur med full tillit at dei døde vil livne opp att på den tida det behagar Skaparen, signe Namnet Hans og setje minnet Hans høgt for evig og i ævers æva.

Den tradisjonelle jødiske bokhylla[endre | endre wikiteksten]

Ein torárull. Toráen inneheld dei fem mosebøkene — den første av dei tre hovuddelane av Tanákh.

Jødane blir ofta kalla «Bokas folk», og jødedommen har ein svært gammal intellektuell tradisjon som fokuserer på tekstbasert torástudium. Det følgjande er ei grunnleggjande, strukturert liste over sentrale verk i jødisk praksis og tankegods. For eit meir detaljert oversyn, sjå artikkelen rabbinsk litteratur.

Jødisk lov og interpretasjon[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Halakhá.

Grunnlaget for jødisk lov og tradisjon («halakhá») er Toráen (dei fem mosebøkene) Etter rabbanittisk tradisjon er det 613 bod i Toráen. Nokre av desse boda er retta utelukkande eller hovudsakleg mot menn eller kvinner; nokre berre til kohaním (kohanittar, prestefamiliar) og leviím (levittar, tempeltenarfamiliar); nokre berre til dei som driv landbruk innanfor landet Israel; og mange galdt berre da Tempelet i Jerusalem stod. Slik er det under 300 av dei 613 boda som faktisk er bindande i dag.

Mens ein del jødiske og andre israelittiske grupper har hevda at den skriftleg overleverte Toráen er den einaste autoritative kjelda til jødisk lov (slik som sadukkearane og karaittane, og òg samaritanarane), held den største gruppa av jødar, dei rabbanittiske jødane, på trua om at det òg finst ein autoritativ munnleg lov. Desse munnlege tradisjonane vart traderte av farisearane under tida at det andre Tempelet stod og vart seinare skrivne ned i Misjná og kommentert, kritisert og utvida av seinare generasjonar av jødiske lærde.

Rabbanittisk jødedom har alltid halde på at bøkene i Tanákh — òg kalla «den skriftlege Toráen» — alltid har vorte tradert saman med «den munnlege Toráen». I forsvar for denne tolkinga peikar tradisjonelle rabbanittiske jødar gjerne på at det i sjølve toráteksten er mange udefinerte ord og mange nemnde prosedyrar som ikkje har forklåring eller framgangsmåte i grunnteksten. Dette, argumenterer dei, tyder at lesaren er venta å kjenne desse detaljane frå den andre, munnlege versjonen. Denne parallelle tradisjonen var opphavleg berre munnleg tradert og kom dermed til å bli kjend som «den munnlege Toráen».

Ved rebbí Jehudá hannassí (kring 200 evt.) si tid, etter Jerusalems øydelegging, vart mykje av dette materialet skrive ned og redigert saman i det som kom til å bli kjent som Misjná. Over dei neste fire århundra kom denne nedskrivne lovkoden til å bli diskutert, debattert og kommentert i båe hovudsentra for jødedommen på den tida — Israel og Babylon (det noverande Irak), og kommentarane til Misjná frå desse to samfunna kom til å bli redigerte saman i kvar si skriftsamling — Talmúd jerusjalmí og Talmúd bablí. Desse att har vorte utlagt med kommentarar frå mange torálærde gjennom århundra.

Rabbinsk halakhá, eller det tradisjonelle rammeverket for rabbanittisk-jødisk liv, er altså basert på ein kombinasjon av studium av den skriftlege Toráen på den eine sida og den munnlege Toráen, det vil seie Misjná, halakhisk medrásj og Talmúd med sine kommentarar, på den andre. Halakháen har utvikla seg sakte, gjennom eit presedensbasert system. Litteraturen av spørsmål til torálærde og dei nøye overveide svara deira blir kalla responsa (på hebraisk שְׁאֵלוֹת וּתְשׁוּבוֹת [šə’ēlōt utšūḇót]). Over tid, etter som praksisane utvikla seg, vart nye kodifiseringar av jødisk lov som baserte seg m.a. på desse responsaa nedskrivne. Slike kodifiseringar inkluderer Misjné Torá, Arba‘á turím (Tur) og Sjulḥán ‘arúkh. Den sistnemnde blir rekna som den viktigaste i tradisjonell europeisk jødedom og blir sett på som autoritativ for det meste av tradisjonell askenasisk og sefardisk tradisjonell og ortodoks praksis fram til våre dagar.

Kva gjer ein person jødisk?[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Kven er jøde?.

Etter rabbanittisk halakhá er kvar den som er fødd av ei jødisk mor eller som har konvertert til jødedommen i samsvar med jødisk lov rekna som jøde. I karaittisk halakhá, blant samaritanarar og enkelte jødiske grupper som inntil nyleg ikkje hadde del i den talmudiske tradisjonen reknar ein derimot farssida som den avgjerande.

I utgangspunktet er det innanfor alle vanlege retningar av jødedommen mogleg for ikkje-jødar som oppriktig ønskjer å konvertere å gjera det. Generelt er dei ikkje-ortodokse retningane meir opne til dette enn ortodoks jødedom, og innanfor ortodoks jødedom finst det nokre grupper som motset seg å utføre slike konverteringar i prinsippet.

I dei siste åra har reformjødedom og rekonstruksjonistisk jødedom tillate å rekne born av éin jødisk forelder som jødisk i alle tilfelle der borna er oppdregne innanfor den jødiske tradisjonen. Denne praksisen blir ikkje godteken av alle rekonstruksjonistar, og innanfor konservativ og ortodoks jødedom blir denne reforma avvist. Born av ein jødisk far og ei ikkje-jødisk mor vil i slike fall mesta alltid bli hjelpte til å konvertere om dei ønskjer det.

Jødar som sluttar å praktisere jødedommen er framleis rekna som jødiske, og det same gjeld jødar som ikkje godtek jødiske trusprinsipp og reknar seg som agnostikarar eller ateistar. Det same gjeld òg i prinsippet ein jøde som konverterer til andre religionar (som t.d. islam eller kristendom). Men i dette siste fallet misser denne personen statusen som medlem av det jødiske samfunnet (anna enn i fall der konverteringa vart gjort under tvang) og blir kjend som ein fråfallen. I tidlegare tider er det sagt at familie og venner ofte markerte ein formell sørgeperiode for ein slik person, men dette skjer svært sjeldant i dag.

Spørsmålet om kva som er avgjerande for jødisk identitet fekk ny aktualitet med opprettinga av staten Israel, og i 1950-åra bad David ben Gurion om syn på spørsmålet מִיהוּ יְהוּדִי («Kven er jøde?») frå jødiske religiøse autoritetar og intellektuelle over heile verda. Spørsmålet er langt ifrå avgjort i politisk forstand og dukkar stadig opp att i israelsk politikk.

Jødisk filosofi[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Jødisk filosofi.

Jødisk filosofi som separat disiplin er i stor grad prega av dialektikken mellom studium av generell filosofi og jødisk teologi. Ein tidleg jødisk filosof som kom til å ha større innverknad på kristendommen enn på jødedom var den nyplatonske filosofen Filo frå Alexandria. Storheitstida for jødisk filosofi fann stad i det noverande Irak, Algerie Marokko, Spania, Portugal og det sørlege Frankrike frå 800-talet til 1400-talet, da fleire jødiske filosofar var aktive og inspirerte av m.a. Platon og Aristoteles og av muslimsk filosofi. Mellom dei viktigaste jødiske filosofane frå denne tida kan nemnast Sjelomó ibn Gabiról, Sa‘adjá Gaón, Maimonides og Gersonides.

Under og etter opplysningstida frå seint på 1700-talet til innpå 1800-talet oppstod haskalá, eller den jødiske opplysningsrørsla. Ein av dei første viktige representantane for haskalárørsla var Moses Mendelssohn. Moderne filosofar innanfor den jødiske tradisjonen inkluderer Martin Buber, Franz Rosenzweig, Mordecai Kaplan, Abraham Joshua Heschel, Will Herberg, Emmanuel Levinas, Richard Rubenstein, Emil Fackenheim og Joseph Soloveitchik.

Retningar av jødedommen[endre | endre wikiteksten]

Etnisk inndeling[endre | endre wikiteksten]

I aller vidaste forstand kan ein seie at jødedommen inkluderer samaritansk religion — ei retning som skilde lag med den øvrige jødedommen for godt over 2000 år sidan. Nærmare i slekt med kvarandre er den indiske gruppa bene Israel, den etiopiske gruppa Beta Esrael, dei karaittiske jødane og den mest talrike og utbreidde gruppa, rabbanittiske jødane.

Den rabbanittiske jødedommen kan delast inn i fleire retningar på geografisk, etnisk og tildels religiøst grunnlag. Dei viktigaste av desse retningane er askenasisk (sentral- og austeuropeisk), sefardisk (vesteuropeisk), mizrahisk (orientalsk) og jemenittisk jødedom. Mindre grupper som har spela ei viktig historisk rolle inkluderer italiensk og romaniotisk (gresk) jødedom.

Religiøs og politisk inndeling[endre | endre wikiteksten]

Ḥasidisk jødedom utgjer hovudsakleg ein del av det ḥarediske samfunnet, den teologisk mest konservative forma av rabbanittisk jødedom.

Over dei siste to–tre hundre åra har rabbanittisk jødedom delt seg opp i fleire ulike retningar med ulike syn på religiøse, juridiske og politiske spørsmål. I vår tid er dei viktigaste av desse retningane ortodoks jødedom, konservativ jødedom (òg kalla masorti), rekonstruksjonistisk jødedom og reformjødedom. I motsetnad til kristendommen har den rabbanittiske jødedommen ikkje opplevd noko gjennomgåande skisme, og dei ulike retningane av rabbanittisk jødedom fortset stadig å overlappe kvarandre i mange saker. Det er t.d. ikkje noko uvanleg i at ein konservativ jøde går til gudstenester i såvel ortodokse synagogar som reformsynagogar.

I typisk tysk-amerikansk reformjødedom blir bønene gjerne sagde på det lokale hovudspråket og kvinner og menn har dei same rollene i religiøs praksis.
  • Konservativ jødedom (Nord-Amerika) eller masorti jødedom (Europa og Israel var ei retning som tok form i USA mot slutten av 1800-talet gjennom ei samansmelting av to fløyer — tidlegare reformjødar som følte seg framandgjorte av den tysk-amerikanske reformrørsla si emfatiske avvising av jødisk lov og tidlegare ortodokse jødar som hadde avvist trua på at den munnlege Toráen var ufeilbarleg og kontinuerleg frå Guds openberring på Sinaifjellet til Joséf Karo sin Sjulḥán ‘arúkh. I staden ville desse leggje meir vekt på kritiske studium av jødiske tekstar og historie. Konservative jødar legg vekt på at jødane er eit folk såvel som ein religion. Konservative lærde legg ofte særleg vekt på sambandet til amora’ím — dei vise debattantane i Talmúd bablí, som var opne for og tok del i debattar og omtolkingar av jødisk lov.

Mange religiøse/praktiserande jødar ser ikkje på dei religiøse retningane som ein gyldig måte å karakterisere jødar på. I staden klassifiserer dei jødar etter graden av religiøs praksis etter deira eige religiøse utgangspunkt. Dei fleste ortodokse jødar meiner at dei jødane som ikkje held lovane for sjabbát, jom tob (helgedagar), kasjrút (kosthaldslovane) og tahorat hammisjpahá (lovane om menstruasjon og familiereinskap) lyt reknast som ikkje-religiøse. Tilsvarande vil dei seie at kvar jøde som held minst desse lovane (i deira tolking) oftast blir definerte som religiøse/praktiserande.

Jødisk bøn og rituell praksis[endre | endre wikiteksten]

Bøn[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Jødiske bøner og gudstenester.
Ein jemenittisk jøde med ein kippá (kalott) på hovudet og ein telíth (tallét, bønesjal) kring seg. Boksane som er festa på panna og eine overarmen med reimar, er tefillín (bønereimar). Dei lange sidelokkane som er typiske for jemenittiske og askenasiske jødar, blir kalla peót. Bokrullen han held, er ein megillá.

I rabbanittisk jødedom er det tre daglege gudstenester på vanlege dagar — sjaḥarít (‘morgons’), minḥá (‘mjøloffer’, ettermiddagsbøn) og ʿarbít (‘kvelds’). (Mange askenasiske jødar kallar kveldsgudstenesta maʿarív i staden.) Alle desse gudstenestene inneheld ein velsigningsserie som blir kalla «ʿAmidá» (‘ståande’). ʿAmidáen blir òg nokre gonger kalla tefillá (‘bøn’). Særleg blant askenasím er det vanleg å kalle ʿamidáen «sjemoné ʿesré» (‘18’), ettersom ʿamidáen i tidlegare tider omfatta atten bøner på vanlege kvardagar. (Kring tida at Misjná vart skriven ned vart dette talet utvida til 19.) Ei anna hovudbøn er «Sjemáʿ Jisraél» (‘Høyr, Israel’). Denne bøna blir lesen under sjaḥarít og ʿarbít, og gjerne òg privat når ein legg seg om kvelden.

Dei fleste bønene i tradisjonelle jødiske gudstenester kan seiast både i fellesgudstenesta og som privat bøn. Unntak frå denne regelen inkluderer «Kaddísj» og «Kedusjá» (‘Heilagbøna’) — bøner som berre skal seiast i minján — det vil seie ei gruppe av minst ti religiøst myndige og teljande jødar. Denne gruppa blir definert noko ulikt blant ulike jødiske grupper.

Det finst og andre bøner og velsigningar som blir sagde ved ulike høve i løpet av dagen — slik som t.d. signinga før og etter maten.

Den jødiske tilnærminga til bøn varierer mellom dei ulike greinene av jødedommen. Medan alle vanlege undergrupper av rabbanittiske jødar brukar det same materialet av bøner og tekstar (men ein del lokal variasjon i resensjonen), er det mykje variasjon i kor ofte ein faktisk gjennomfører offentleg eller privat bøn, kva for bøner ein tek med eller utelèt ved ulike høve og kva språk ein brukar for dei ulike bønene. Ein hovudtendens er at ortodokse jødar les det fulle hebraiske/arameiske ritualet på originalspråka og at reformjødar les eit avkorta ritual med mykje bruk av omsetjingar såvel som samtidige dikt og songar av både jødisk og ikkje-jødisk opphav. Konservativ og rekonstruksjonistisk jødedom ligg oftast ein stad mellom desse ytterpunkta.

Kledesdrakt og symbol[endre | endre wikiteksten]

Det finst eit tal vanlege jødiske religiøse symbol og objekt som blir bruka under bøn. Talléten er eit jødisk bønesjal. Ein kippá (ofte òg kalla jármelke blant askenasím) er ein kalott mange jødiske menn og nokre kvinner dekkjer hovuda sine med under bøn og elles når ein er i synagogen. Mange ortodokse jødar, særleg askenasím, har kippáen på seg heile dagen. Tefillín (bønereimer) er boksar som inneheld pergamentlappar med sitat frå Toráen som blir sett på som pålegg om å skrive orda på armen og binde dei mellom augo. Tefillín blir bruka av dei fleste praktiserande jødiske menn og nokre praktiserande jødiske kvinner (særleg kvinner frå ikkje-ortodokse, praktiserande jødiske miljø). Ein brukar tefillín under morgongudstenesta på dei fleste kvardagar, og stundom under ettermiddagsgudstenesta på enkelte fastedagar (men aldri på jom kippúr, på jom tób eller sjabbát).

Sjabbát[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Sjabbát.

Sjabbát, den jødiske kviledagen som varar frå fredagskvelden ved solnedgang til laurdagskvelden etter solnedgang blir feira til minne om Guds kviledag etter dei seks skapingsdagane slik dei er skildra i Første mosebok. Sjabbáten spelar ei sentral rolle i jødisk praksis, og ein stor del av halakhá (jødisk religiøs lov) dreier seg om lovar, skikkar og føreskrifter for sjabbát. Mange reknar sjabbáten som den aller viktigaste jødiske høgtida.

Jødiske høgtider[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Jødiske høgtider.

Dei jødiske høgtidene markerer sentrale tema i samhøvet mellom Gud og verda, slik som skapinga, openberring og berging. Nokre helgedagar er òg tilnytte årssyklusen i landbruket.

Dei tre valfartshøgtidene: Tre høgtider feirar openberringa ved å minnast ulike hendingar under israelittane sin utgang av Egypt for å vende attende til Kana’an. Desse høgtidene ligg òg ved årstider som passar med viktige punkt i landbruket i Israel. Desse tre høgtidene er òg valfartshøgtider da israelittane reiste til Jerusalem for å ofre i Tempelet.

  1. Pesaḥ, òg kalla jødisk påske, blir feira til minne om utgangen av Egypt og fell dessutan saman med bygghausten i Israel. Dette er den einaste av dei tre valfartshøgtidene som i dag legg meir vekt på feiring heime, på sedermåltidet med lesing av Haggadáen, enn på markering i synagogen. Pesaḥ fell på den 15. nisán. Nisán er den første månaden i den religiøse jødiske kalenderen til minne om at det var i denne månaden at israelittane forlét Egypt. Frå dagtid på den 14. nisán til etter solnedgang ved utgangen av den 21. eller 22. nisán (avhengig av tradisjon) er det forbode etter halakhá å eta og eige noko slags ḥaméṣgjæra eller syra mat som inneheld noko av dei fem kornslaga bygg (fire- og seksradsbygg), toradsbygg, durumkveite (inkludert spelt), brødkveite (inkludert emmer) eller einkorn (og i praksis òg rug og triticale). Som førebuing til denne høgtida tek oppleitinga av ḥaméṣ og reingjeringa i praksis form av ei grundig vårreingjering.
  2. Sjabu‘ót, òg kalla vekefesten eller jødisk pinse, finn stad sju veker etter pesaḥ og er ei markering av Mosjé (Moses) si gjeving av dei ti boda til israelittane og markerer samtidig slutten av bygghausten og byrjinga av kveitehausten.
  3. Sukkót, òg kalla lauvhyttefesten, markerer minnet om israelittane si vandring i øydemarka. Høgtida blir markert ved at ein set opp småe, meir eller mindre kåteaktige, hytter («sukkót») som representerer dei daglege krypinna israelittane bygde seg på vegen gjennom øydemarka. Sukkót fell saman med frukthausten og markerer slutten på det israelske landbruksåret.
jom kippúr, den aller viktigaste jødiske helgedagen, fastar og bed jødar som soning for syndene sine. (Måleri: Maurycy Gottlieb (1878))

Dei høge heilagdagane:

  • Rosj hasjaná, òg kalla jom hazzikkarón (‘minnesdagen’) eller jom teru‘á (‘sjofárblåsingsdagen’), blir ofte kalla «jødisk nyår» fordi denne dagen markerer den sjette dagen av skapingsverket. Denne dagen fell på 1. og 2. tisjré og markerer byrjinga av det jødiske sivile året. Det er òg ei bergingshøgtid og markerer byrjinga på den ti dagar lange soningsperioden som munnar ut i jom kippúr.
  • Jom kippúr, eller soningsdagen, er den jødiske bots- og bededagen. På denne dagen er alle religiøst myndige jødar pålagde å faste og be om tilgjeving for alle synder ein gjorde seg skyldig i i året som gjekk. Jom kippúr er den aller viktigaste høgtidsdagen i det jødiske året og den einaste av høgtidene som har like strenge helgedagsbod som sjabbát.

Mindre høgtider:

Blant fleire mindre høgtider kan nemnast ḥanukká, som feirar atterinnviinga av Tempelet i Jerusalem etter makkabearane sitt opprør mot det gresk-syriske selevkiddynastiet; og purím, som er ein karnevalliknande fest med opplesing av Esters bok og minnest korleis Estér og onkelen hennar, Mordekhái, berga dei persiske jødane da den vonde Hamán konspirerte mot dei for å utslette dei.

Torálesing[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Torálesing.

Kjernen i sjabbát- og heilagdagsgudstenesta er den offentlege lesinga av Toráen etterfølgd av opplesing av haftaráen — utvalde avsnitt frå dei andre bøkene av Tanákh. I løpet av året les dei fleste rabbanittisk-jødiske samfunna heile Toráen, og syklusen byrjar på nytt att kvar haust under høgtida simḥat Torá (‘glede over Toráen’). I andre jødiske samfunn, slik som i Galilea før krosstoga, har det vorte bruka ein syklus på tre eller tre og eit halvt år i staden. Ein del ikkje-ortodokse jødiske meinigheiter brukar ein treårssyklus som ikkje er basert på den galileiske torásyklusen, men på ei underdeling av eittårssyklusen.

Synagogar og andre jødiske bygningar[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Synagoge.
Interiør av Den portugisiske synagogen i Amsterdam. Vi tebáen (lesarplattforma) i forgrunnen og Hekhál (arka) i bakgrunnen.
Det mosaiske trossamfunn sin synagoge i Bergstien i Oslo; oppført 1918; arkitekt Herman Herzog; innvidd 21. mai 1920. Tekst over inngangen: «Dette skal være eit bønnehus for alle folkeslag.»

Synagogar er jødiske bede- og studiehus som vanlegvis inneheld eitt eller fleire rom spesifikt for gudstenester, mindre rom for studium, og ofte òg eitt eller fleire rom til utdanning og sosiale funksjonar. Utover at ein synagoge normalt aldri er krossforma, finst det ikkje noka allmenngyldig planløysing som er felles for alle synagogar. Eit gudstenesterom i ein synagoge har vanlegvis nokre eller alle av desse kjenneteikna:

  • Ei ark (kalla Hekhál av sefardím og aron hakkodesj av askenasím) der torárullane blir oppbevarte. Arka har ofte ein parókhet (forheng) anten innanfor eller utanfor arkdørene.
  • Ei stor, opphøgd plattform som sefardím kallar tebá, tyske og polske askenasím kallar almemmar eller balemmer og austeuropeiske askenasím kallar bima. Denne plattforma kan liggja midt i rommet, attast (typisk sefardisk og romaniotisk) eller fremst (vanleg i askenasisk jødedom, særleg i ikkje-ortodokse meinigheiter). Denne plattforma blir bruka til torálesing, og i sefardiske og nokre askenasiske synagogar blir heile gudstenestene leia derifrå.
  • Eit evig lys (ner tamíd), ei lampe fremst i rommet som alltid skal vera tend og som er eit minne om den alltid brennande sjuarma menoraen (lysestaken) i Tempelet i Jerusalem.
  • I askenasiske synagogar har ein òg ofte ein preikestol fremst i synagogen som det blir preika frå og ein ʿamúd — ein lesepult framføre arka som ḥazzánen (kantoren) leier gudstenestene frå.

I tillegg til synagogar finst det òg andre bygningar og institusjonar som har viktige religiøse funksjonar i jødedommen. Eksempel på slike er ḥadarím (eintal «ḥeder», grunnleggjande religionsklasse) jesjibót (eintal «jesjibá, vidaregåande religiøs læreinstitusjon) og mikvót (eintal «mikvé», rituelt bad).

Kosthaldslovar (kasjrút)[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Kasjrút.

Kasjrút er omgrepet for dei jødiske kosthaldslovane. Mat som kan etast etter jødisk religiøs lov blir kalla kasjér (frå hebraisk) eller koscher (gjennom tysk og jiddisch frå hebraisk); og mat som ikkje kan etast blir oftast kalla taréf/terefá (hebraisk) eller treif (jiddisch). Det går fram av Tredje mosebok at målet med kasjrút er å auke graden av rituell reinskap og heilagdom, men samtidig òg helse. Kasjrút inneber å unngå å eta dyr som sjølve er rovdyr eller åtselsdyr. Dermed er det t.d. forbode å eta rovdyr, rovfuglar, sjøpattedyr og ufisk (inkludert hai, steinbit, breiflabb og skaldyr). I tillegg er det forbode å blande pattedyrkjøt (dei fleste inkulderer òg fugl) og mjølk i same måltidet, sidan dette blir sett på som brot på bodet om ikkje å koke kjeet i mjølka av mora si. Dei fleste ortodokse, konservative og andre tradisjonelle jødar (inkludert mange rekonstruksjonistiske jødar) følgjer desse lovane i ein eller annan grad.

Familiereinskap (tahorat hammisjpaḥá)[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Tahorat hammisjpaḥá.

Lovane om niddá (menstruerande kvinne) og ymse andre lovar som set rammeverket for korleis menn og kvinner smahandlar med kvarandre (t.d. ṣeniʿút, blygskap i klesvegen) er særleg blant ortodokse jødar sett på som svært viktige element i jødisk livsførsel. I meir liberale retningar av jødedommen er tendensen at desse lovane blir rekna som mykje mindre viktige. Loven om niddá krev at samleie ikkje kan finne stad medan kvinna framleis har menstruasjonsblødning, og når sjølve menstruasjonen er over lyt ho telja sju «reine» dagar og deretter lauga seg i ein mikvé føre ho kan ha samleie att.

Livssyklus[endre | endre wikiteksten]

Livssyklusen blant jødar inneheld overgangsritar som stadfestar identiteten og hjelper til å halde det jødiske samfunnet saman:

Tidleg barndom:

  • Berít milá — omskjering, namngjeving og velkomstseremoni for jødiske gutar åtte dagar etter fødselen.
  • Zebed habbát — namngjeving og velkomstseremoni for jødiske jenter, oftast i løpet av dei tretti første dagane etter fødselen. (Denne seremonien har hovudsakleg italiensk og sefardisk opphav, og er først sidan slutten av 1900-talet begynt å bli vanleg i askenasisk jødedom under ymse namn.)

Pubertet: Ved tolv og tretten års alder blir jødiske jenter og gutar rekna for religiøst myndige og er frå no av ansvarlege for å halde alle boda i Toráen på same vis som vaksne jødar.

Familieliv:

Sjukdom:

Død og sorg:

Jødedommen og andre religionar[endre | endre wikiteksten]

Kristendommen og jødedommen[endre | endre wikiteksten]

Sidan Holocaust har det vore mykje arbeid for forsoning mellom nokre kristne grupper og det jødiske folket. For meir om dette, sjå forsoning mellom kristne og jødar.

Jødar for jesus[endre | endre wikiteksten]

Messiansk jødedom eller hebraisk kristendom er fellesnamn for eit tal kristne grupper som inkluderer ulike gradar av jødisk praksis. Mange av desse gruppene arbeider målretta med misjon retta mot jødar og har oppnådd å trekke til seg fleirfaldige tusen jødar og kristne. Desse gruppene blir sett på med sterk uvilje av alle retningar av jødedommen, som typisk sett ser på dei som meir eller mindre fordekte og uærlege misjonærar for kristendommen. Dei messianske gruppene sjølve nektar vanlegvis at dette er tilfelle.

Mormonartrua og jødedommen[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Mormonartrua og jødedommen.

Om eit medlem av Dei siste dagars heilage har stadfest jødisk arv og avstamming, blir denne personen rekna for å vera av Judas stamme og blir dermed rekna som både mormonar og jøde av mormonske autoritetar.

Jødedommen og islam[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Islam og jødedommen.

Mange jødiske samfunn har lege under muslimsk styre i kortare eller lengre periodar innanfor dei siste mesta 1500 åra, og dette har ført med seg eit samspel mellom desse religionane på godt og vondt. Perioden kring 9001200 i det maurisk-styrte Andalucía i det sørlege Spania kom til å bli kjend som «den gylne tidsalderen for jødisk kultur i Spania». Da jødane vart utviste frå det da kristne Spania i 1492, vart dei kollektivt inviterte til å busetje seg i Det osmanske riket — eit tilbod mange nytta seg av.

1900-talet har fiendskapen ein del muslimske og mange islamistiske leiarar har vist mot sionismen, den politiske rørsla for jødisk sjølvstyre i det historiske landskapet Israel/Palestina, ført til ny interesse for spørsmålet om samhøvet mellom jødedommen og islam.

Sjå òg:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Jødar og jødedom[endre | endre wikiteksten]

Jødisk lov og religion[endre | endre wikiteksten]

Samanliknande[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jødedommen

Skandinaviske lenkjer[endre | endre wikiteksten]

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Sverige[endre | endre wikiteksten]

Danmark[endre | endre wikiteksten]

Utanlandske lenkjer[endre | endre wikiteksten]

Allment[endre | endre wikiteksten]

Ortodoks / moderne ortodoks / ḥasidisk[endre | endre wikiteksten]

Konservativ (masorti) jødedom[endre | endre wikiteksten]

Reformjødedom[endre | endre wikiteksten]

Rekonstruksjonistisk jødedom[endre | endre wikiteksten]

Humanistisk jødedom[endre | endre wikiteksten]

Karaittisk jødedom[endre | endre wikiteksten]

Jødisk religiøs litteratur og tekstar[endre | endre wikiteksten]

Torástudium-prosjekt på Wikimedia[endre | endre wikiteksten]

Tekststudieprosjekt på Wikisource. I mange fall er den hebraiske versjonen av desse prosjekta kommen mykje lengre enn andre språkversjonar (som t.d. engelsk).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Dosick, Wayne: Living Judaism: The Complete Guide to Jewish Belief, Tradition and Practice.
  • Encyclopaedia Judaica. CD-ROM Edition. Keter Publishing, 1997
  • Gillman, Neil: Conservative Judaism: The New Century. Behrman House.
  • Gurock, Jeffrey S.: American Jewish Orthodoxy in Historical Perspective KTAV, 1996.
  • Guttman, Julius: Philosophies of Judaism JPS, 1964. (oms. av David Silverman)
  • Holtz, Barry W. (red.): Back to the Sources: Reading the Classic Jewish Texts.. Summit Books
  • Johnson, Paul: A History of the Jews. HarperCollins, 1988
  • Mayer, Egon, Kosmin, Barry og Keysar, Ariela: «The American Jewish Identity Survey»; ein del av The American Religious Identity Survey, City University of New York Graduate Center. Ein artikkel om denne undersøkinga er trykt i The New York Jewish Week, 2. november 2001.
  • Utne, Olve: «Generelt om jødedom»Alnakka.net
  • Weber, Max: Ancient Judaism. Free Press, 1967. ISBN 0-02-934130-2
  • Wertheimer, Jack: A People Divided: Judaism in Contemporary America. Brandeis University Press, 1997.