Miss Marple

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Miss Jane Marple er ein utradisjonell krimhelt som opptrer i 12 bøker av Agatha Christie. Miss Marple er ei gammal frøken frå ein liten engelsk landsby, St. Mary Mead. Ho løyser ei rekkje krimgåter gjennom å bruka livserfaringa si frå ulike menneske ho har kjent i landsbyen.

Den første soga om Miss Marple kom på trykk i nr. 350 av The Royal Magazine i desember 1927 med den første publisering av novella «The Tuesday Night Club», seinare det første kapittelet i The Thirteen Problems (1932). Den første romanen om Miss Marple The Murder at the Vicarage i 1930.

Forteljingane om Miss Marple er blitt dramatisert ei rekkje gonger. Ho er blitt spelt av Margaret Rutherford, Angela Lansbury, Dulcie Gray, Helen Hayes, Joan Hickson, Geraldine McEwan og Julia McKenziefilm og fjernsyn.

Bøkene om Miss Marple[endre | endre wikiteksten]

  • 1930: The Murder at the Vicarage (på norsk 1932: Mordet i prestegården)
  • 1931: The Sittaford Mystery (på norsk: Sittaford-mysteriet)
  • 1933: The Thirteen Problems (på norsk: Tretten mysterier), noveller
  • 1942: The Body in the Library (på norsk: Liket i biblioteket)
  • 1942: The Moving Finger (på norsk: Mord pr. korrespondanse)
  • 1950: A Murder Is Announced (på norsk: Invitasjon til mord)
  • 1952: They Do It with Mirrors (på norsk: Lek med speil)
  • 1953: A Pocket Full of Rye (på norsk: Sort knekt)
  • 1957: 4.50 from Paddington (på norsk: 4.50 fra Paddington)
  • 1962: The Mirror Crack'd from Side to Side (på norsk: Mord som medisin)
  • 1964: A Caribbean Mystery (på norsk: Mysterium i Vestindia)
  • 1965: At Bertram's Hotel (på norsk: Den forsvunne domprost)
  • 1971: Nemesis (på norsk: Nemesis)
  • 1976: Sleeping Murder: Miss Marple's Last Case (på norsk 1977: Miss Marples siste sak)
  • 1979: Miss Marple's Final Cases and Two Other Stories, noveller

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.