Frøken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fotografi av kokebokforfattaren Kristine Marie Jensen bedre kendt som Frøken Jensen.

Ei frøken, frå eldre tysk vrouken, vroiken er ei ugift kvinne. Det tyske ordet er diminutiv av vrouwe, sjå frue.

Fram til rundt 1800 var «frøken» berre bruka om døtrer av kongar og adelsmenn, seinare vart tittelen òg bruka i borgarskapet, som tidlegare hadde brukt tittelen «jomfru». I nyare tid har ein bruka «frøken» som tittel for alle ugifte kvinner, men mange vil i dag oppfatte tittelen som arkaisk og tilhøyrande ei svunnen tid.

Som tittel har frøken vore avkorta frk., i dag heller fr., slik at ein slepp å ta stilling til om personen er gift eller ikkje.

Annan bruk av ordet[endre | endre wikiteksten]

«Frøken» har vore vanleg nemning for lærarinner, anten dei var gifte eller ikkje.

På andre språk[endre | endre wikiteksten]

Tilsvarande nemningar på andre språk er fransk Mademoiselle og engelsk Miss (opphavleg ei samantrekking av Mistress).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]