Modem
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit modem er eit apparat som er vanlegast brukt til å la datamaskiner kommunisere saman over det vanlege telefonnettet.
Ordet modem er samansett av modulasjon og demodulasjon og i det ligg det, at eit modem kan både modulere og demodulere. Modemet kodar eit signal inn på ei berebylgje og sender det ut på eksempelvis ei telefonlinje og kan på same tid avkode eit signal frå den innkomande berebylgja.
Ein må ikkje forveksle eit vanleg modem med eit såkalla ADSL-modem (meir rett xDSL), då det rettare er ein ruter, og ADSL er ein digital teknologi.