Modulasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fig. 1 Radiosamband.
Fig. 2 Amplitude- og frekvensmodulerte signal, i tidsplanet.
Øvst: Informsjonsignalet
I midten: AM-modulert signal
Nedst: FM-modulert signal.

Modulasjon er ein teknikk som vert brukt for å kode informasjon på ei berebylgje, slik at informasjonen kan overførast i eit tildelt frekvensområde, som til dømes ein radiokanal.

Det finst mange ulike måtar å modulere eit signal på, men felles for dei fleste er at ein anten endrar amplituda, frekvensen eller fasen til berebylgja, eller kombinasjonar av dei. I blokkdiagrammet i Fig. 1 er det blokka til venstre, merka «Modulator», som utfører denne oppgåva. I tidsplanet kan det spenninga til det modulerte signalet uttrykkast som:

v(t) = A\cdot \cos(\omega_c t + \phi),\,

der v(t) er spenninga på utgangen av modulatoren, t er tid (eining s), A er amplituden, \omega_c er vinkelfrekvensen (eining rad/s) og \phi er fasen (eining rad) i høve til den umodulerte berebølgja. Frekvensen kan òg uttrykkast i eininga Hz: f_c = \omega_c / 2 \pi.

Ein har difor tre parameterar ein kan lata informasjonssignalet modulera (endra proporsjonalt med amplituden til informasjonsignalet) [1][2][3]:

Til dømes nyttar lang- og mellombølgjekringkasting AM-modulasjon, medan FM-kringkasting, naturleg nok, nyttar FM-modulasjon.

Ein skil mellom analog og digital modulasjon. Det modulerte signalet som vert overført som elektromagnetiske bølgjene er alltid eit analoge signal, medan informasjonssignalet kan vera eit analogt signal eller ein digital bitstraum (som kan representera vilkårleg informasjon). Når informasjonssignalet er eit analogt signal, som tale eller musikk, vert radioen kalla analog modulasjon og når informasjonssignalet er ein digital bitstraum vert han kalla digital modulasjon. Typiske døme på analog modulasjon. Analog TV nyttar òg analog modulasjon for å overføra bileteinformasjon; PAL og NTSC nyttar AM-modulasjon, medan SECAM nyttar FM-modulasjon.

Analog modulasjon[endre | endre wikiteksten]

Amplitduemodulasjon (AM)[endre | endre wikiteksten]

Frekevnsmodulasjon (FM)[endre | endre wikiteksten]

Digital modulasjon[endre | endre wikiteksten]

Innan musikk[endre | endre wikiteksten]

I musikksyntese vert modulering nytta om skifte frå ein toneart til ein annan, ved at ein flyttar frekvensspektret opp eller ned i frekvens. I dette tilfellet vert eit breidbannssignal (musikksignalet) modulert av eit konstant eller tidsvarierande signal.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Carlson, A.B., Communication systems, 3. utg., McGraw-Hill, 1986.
  2. Schwartz, M., Informationtransmission, modulation, and noise, 3. utg., McGraw-Hill, 1981.
  3. Taub, H. og Schilling, D.L., Principles of communication systems, McGraw-Hill, 1986.
Spire Denne elektronikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.