Modum prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°56′30″N 10°00′00″E / 59.941592°N 10.000095°E / 59.941592; 10.000095

Foto: Cato Enger/Riksantikvaren (1958–59)

Modum prestegard eller Heggen prestegard ligg nordvest for Heggen kyrkje i Modum.

Som kyrkja har prestegarden ei historie som strekkjer seg attende til mellomalderen, men bygningsmassen har variert gjennom tidene.

Hovudbygningen er eit laftebygg i to etasjar med saltak. Ein trur at nordre del er frå tidleg 1800-tal, men bygget fekk si noverende form ved ei ombygging i 1862, og fekk då det utkraga taket. Forpaktarbustaden (tidlegare borgstove eller herrekammerbygning) kan sporast attende til 1760. Desse to og eit stabbur i to etasjar er freda.

Prestegarden og miljøet rundt kyrkja vert rekna for å ha høg verdi som kyrkjeleg kulturminne.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Buskerud fylkeskommune: Fagrapport for arkeologiske kulturminner og kulturmiljøer – Modum kommune, s. 79.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]