Mofjorden

Koordinatar: 60°47′17.074″N 5°45′32.026″E / 60.78807611°N 5.75889611°E / 60.78807611; 5.75889611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mo i Modalen, inst i Mofjorden
Sola speglar seg i Mostraumen, på veg ut. Sett frå eit Widerøe-fly.

Mofjorden er ein fjord i Modalen kommune i Vestland, og den inste delen av Romarheimsfjorden, som igjen høyrer til fjordsystemet rundt Osterøy. Fjorden er 6,5 km lang og strekkjer seg frå sørvest til nordaust. Mo, kommunesenteret i Modalen, ligg inst i fjorden.

Fjorden har innløp ved Mostraumen i sør. Mostraumen er ein om lag 600 meter lang og smal kanal gjennom garden Bøen mellom Mofjorden og Romarheimsfjorden og er 50-60 meter på det smalaste. Fylkesveg 569 går på vestsida av fjorden, men bortsett frå garden Grønhaug like sør for Mo, er det ingen busetnader langs fjorden. Ved Mo munnar Moelva ut i fjorden. 60°47′17.074″N 5°45′32.026″E / 60.78807611°N 5.75889611°E / 60.78807611; 5.75889611