Osterøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Osterøy kommune.
Osterøy
Haus på Osterøy
Haus på Osterøy
Geografi
Norway - Osterøy.png
Stad Nordhordland
Koordinatar 60°32′N 05°34′EKoordinatar: 60°32′N 05°34′E
Areal 328 km²
Høgaste punkt Høgafjellet (869 moh.)
Administrasjon
Land Noreg
Fylke Hordaland
Største busetnad Valestrandfossen (949 innb.)
Demografi
Folketal 7400 (2009)
Folketettleik 22 /km²

Osterøy er ei innlandsøy som ligg like nordaust for Bergen i Hordaland fylke. Øya er omringa av Osterfjorden i nord og vest, Sørfjorden i sør og Veafjorden i aust. Osterøy er den største av øyene i Noreg som ikkje vender direkte ut mot havet, og har eit totalt areal på 328 km². Osterøy er delt mellom kommunane Osterøy og Vaksdal, men Vaksdal kommune dekkjer berre ein liten del nord-aust på den skogkledde øya.

Det bur om lag 7400 menneske (2009) på Osterøy. Det høgste fjellet er Høgafjellet som strekkjer seg 870 moh., medan Brøknipa (822 moh.) er det nest høgste.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Fredag 3. oktober 1997 vart ein merkedag då den 1065 meter lange hengebrua, Osterøybrua, over Sørfjorden mellom Kvisti på øya og Herland på fastlandet vart opna av samferdsleminister Sissel Rønbeck. Men øya vart første gong landfast i 1985 då brua over Kallestadsundet i Vaksdal kommune stod ferdig. Denne bruforbindinga gagna berre innbyggjarar i Vaksdal kommune. I tillegg til desse to bruforbindingane finst ferjesamband mellom Valestrand og Breistein.

Sentrale område av Osterøy sett frå Brøknipa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]