Mogila
Mogila Могила | |||
---|---|---|---|
Kyrkjetårn i Mogila | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Statistisk region |
Nord-Makedonia Pelagonia | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
255,62 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2021) - folketettleik |
5 283 20,67/km² | ||
Koordinatar | 41°6′29″N 21°22′42″E / 41.10806°N 21.37833°E | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Plassering | |||
Plasseringa til Mogila i Nord-Makedonia |
Mogila (makedonsk Могила) er ein landsby og ein kommune i regionen Pelagonia i Nord-Makedonia. Den noverande kommunen vart oppretta i 2004 ved at ein slo saman dei to tidlegare kommunane Mogila og Dobrusjevo.
Kommunen har eit areal på 255,62 km2 og hadde 5 283 innbyggjarar ved folketeljinga i 2021.[1]
I 2002 hadde kommunen 6 710 innbyggjarar,[2] den tidlegare kommunen Mogila hadde 4 536, medan sjølve landsbyen hadde 1 526 innbyggjarar.[3] Dei største busetnadene i kommunen var:
Busetnad | Folketal 2002[3] |
---|---|
Mogila | 1 526 |
Dobrusjevo | 624 |
Ivanjevtsi | 615 |
Dolno Srptsi | 479 |
Berantsi | 445 |