Mohole-prosjektet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
CUSS I

Mohole-prosjektet var eit amerikansk forskingsprosjekt frå 1958 til 1966 der ein ønskte å bore gjennom jordskorpa for å undersøke dei fysiske og kjemiske eigenskapane til mantelen. Ein prøvde å bore ute i djuphavet der jordskorpa er tynnast, men sidan havdjupna her var fleire tusen meter, var dette langt utanfor det som var teknisk mogeleg på denne tida.

Prosjektet var leidd av geofysikarar og geologar som konstruerte eit boreskip, som i 1961 klarte å bore to hòl utanfor kysten av Mexico i Stillehavet. Det djupaste vart utført på ei havdjupne på 3,8 km, men sjølve borehòlet vart berre 214 meter djupt.

Prosjektet vart skrinlagt, men det var likevel eit viktig teknologisk gjennombrot i marin geologi og den nye boreteknologien vart seinare nytta i Deep Sea Drilling Project og andre studiar av djuphavet.

Namnet på prosjektet kjem av moho, som er ei forkorting for Mohorovičićs diskontinuitet, og det engelske hole, som tyder «hòl».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]