Moland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kommunevåpenet til den tidlegare kommunen Moland.

Moland er ein tidlegare kommune i Aust-Agder som vart ein del av Arendal kommune i 1992. Eydehavn var kommunesenteret og arealet var 134,63 km². Kommunen hadde 8148 innbyggjarar i 1992.

Namnet Moland vert òg nytta som eit etternamn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Moland kommune vart oppretta som eigen kommune 1. januar 1962 då Stokken, Flosta og Austre Moland (tidl. Østre Moland), i tillegg til Strengereid krets i Tvedestrand kommune, blei slått saman. 1. januar 1992 vart Moland, Hisøy, Tromøy og Øyestad kommuner slått saman med Arendal til den nye Arendal kommune.

Ordførarar i Moland kommune[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]