Hisøy

Koordinatar: 58°26′05″N 08°45′17″E / 58.43472°N 8.75472°E / 58.43472; 8.75472
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hisøy
Kolbjørn går i rute mellom Arendal sentrum og Kolbjørnsvik på Hisøy.
Kolbjørn går i rute mellom Arendal sentrum og Kolbjørnsvik på Hisøy.
Geografi
Stad Sørlandet
Koordinatar 58°26′05″N 08°45′17″E / 58.43472°N 8.75472°E / 58.43472; 8.75472

Areal 8,0 km²

Høgaste punkt Skibbberhei (76 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Agder

Hisøy er ei øy i Arendal kommune og ein tidlegare kommune i Aust-Agder fylke. Hisøy var saman med Froland, Fjære og Øyestad del av Øyestad formannskapsdistrikt frå 1837. Fjære vart eigen kommune i 1846. I 1850 vart òg Froland skilt ut medan Hisøy og Øyestad framleis var ei eining. 1. januar 1881 vart Hisøy skilt ut som eigen kommune.

Hisøy sine utbygd område nær Arendal sentrum har fungert som ein forstad til Arendal by. Byen Arendal låg omkring hamnebassenget, fordelt på fleire kommunar. På 1700-talet fanst det kjøpmannsgardar i Kolbjørnsvik som formelt sett høyrte til byen Arendal.

Båten Kolbjørn har i meir enn hundre år sørgt for transport tvers over hamnebassenget i Arendal til nabokommunen Hisøy og kommunesenteret Kolbjørnsvik.

1. januar 1992 vart Hisøy, Arendal, Moland, Tromøy og Øyestad slått saman til dagens Arendal kommune.

Hisøy er som øy ganske spesiell ved at ho har elveløp og ein innsjø på innsida, og fjordar og hav på motsett side. Nidelva sine to utløp, innsjøen Hølen, Arendal sitt hamnebasseng, Galtesund og Havsøysund er farvatn som grensar mot Hisøy.

Kolbjørnsvik, Sandvika, Gullsmedengen, His og Flødevigen er kjende stader på Hisøy.

Tilnærma all busetnad på Hisøy ligg innanfor tettstaden Arendal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]