Mordattentatet på Frankfurt am Main lufthamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mordattentatet på Frankfurt am Main lufthamn
Flughafen FFM - Gedenken an Anschlag vom 02.03.2011.jpg
Minnestad i Terminal 2 6. mars 2011.
Stad Terminal 2 på Frankfurt am Main lufthamn i Frankfurt am Main i Tyskland
Dato 2. mars 2011
Angrepsmetode Skyting
Døde 2
Skadde 2
Gjerningsperson(ar) Arid Uka

Mordattentatet på Frankfurt am Main lufthamn fann stad 2. mars 2011Frankfurt am Main lufthamn i Frankfurt am Main i Tyskland, då to personar vart drepen og to andre alvorleg skada.

Åstaden var eit offentleg område i Terminal 2 på busshaldeplass-sona på flyplassen, som vert regelmessig nytta av den amerikanske hæren for sin militære bussar. Ein av soldatane som var på veg til Afghanistan vart skoten i hovudet og døydde momentant. Like etterpå var bussjåfjøren òg skoten og drepen. Gjerningsmannen, kosoviske Arid Uka, skaut òg to andre soldatar i hovudet, men dei overlevde. Han vart så fylgd etter av soldatar og politimenn til han vart arrestert. 10. februar 2012 vart han dømd til fengsel på livstid.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]