Moreld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moreld i bølgjer.
Moreld skapt av Noctiluca scintillans i ei hamn.

Moreld er eit lysfenomen i havet forårsaka av bioluminescens hos nokre planktonartar. Moreld er synleg i mørket når det er rørsle i vatnet, og er særleg utbreidd om hausten. I norske farvatn er morelden særleg forårsaka av dinoflagellatar frå slektene Noctiluca, Gonyaulax og Ceratium.

Omgrepet er avleitt frå norrønt mǫrueldr,[1] eit samansett ord av marr "hav" og eldr "eld". Det er nærskyldt til engelsk (spesielt shetlandsdialekt) mareel, islandsk maurildi, svensk mareld og finsk merituli.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Moreld» i Nynorskordboka
  • «Morild» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 3. juli 2014.
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.