Mortensmesse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tysk Martensgans. I samband med mortensmesse et ein mange stader gås til middag.

Mortensmesse eller Mortensdag er ei kristen høgtid feira den 11. november til minne om den heilage Martin av Tours. Dagen er markert på primstaven, ofte med ei gås eller ein bispestav.

Ei kjend soge om Martin fortel at han gøymde seg blant gjæser for å unngå å takast til biskop. I land som Tyskland og Danmark åt ein tradisjonelt mortensgås, gåsemiddag, denne dagen. I Noreg var skikken gjerne heller å eta svin denne dagen. Maten blei delt med fattige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]