Musculus biceps brachii

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Musculus biceps brachii
Biceps brachii.png
Norsk namn Den tohovuda olbogebøyaren
Gray's subject #124 443
Utspring Det korte hovudet: Processus coracoideusscapula. Det lange hovudet:: Tuberculum supraglenoidalescapula.
Feste    Tuberositas radiiradius og biceps sin aponevrose som går ut i den djupe fascienventralsida av underarma
Arterie A. brachialis
Nerve N. musculocutaneus
Rørsle Flekterer olboga, supinerer underarma og abduserer i akselleddet.
Antagonist Musculus triceps brachii

Musculus biceps brachii, på norsk den tohovuda olbogebøyaren eller berre biceps i vanleg daglegtale, er ein tohovuda muskel som ligg på framsida av overarma mellom aksla og olboga. Begge hovuda kjem frå skulderbladet (scapula), og saman blir dei til ein muskelbuk som festar på den øvste delen av underarma. Sjølv om m. biceps brachii går frå aksla og ned til underarma, så er det berre i underarma den har dei viktigaste rørslene, nemleg å supinere (utoverrotere) underarma og flektere (bøye) olboga. Muskelen blir innervert av n. musculocutaneus.

Utspring og feste[endre | endre wikiteksten]

Proksimalt, det vil seie mot kroppen, spring det kortet hovudet, caput breve m. bicipitis brachii ut frå processus coracoideus som er på toppen av scapula. Det lange hovudet, caput longum m. bicipitis brachii, kjem frå tuberculum supraglenoidale som òg er på scapula, og sena kjem ut frå leddkapselen, går ned i sulcus intertubercularis på overarmsbeinet, humerus før hovudet slår seg saman med det korte hovudet [1]. Hovuda går saman i ein muskelbuk midt på humerus, nært festa til m. deltoideus. Distalt, lenger ut på arma, festar muskelen i to sener. Den krafigaste av desse senene festar på tuberositas radiispolebeinet, radius, medan den andre sena går over i ein senespegel, ein aponevrose kalla lacertus fibrosus, som breier seg utover muskelfascien over bøyarane på ulnarsida av underarma [2].

Rørsle[endre | endre wikiteksten]

M. biceps brachii går over tre ledd, skulderleddet, articulatio glenohumerale, olbogeleddet, articulatio humeroulnare og leddet mellom radius og ulna, articulatio radioulnare, og kan derfor røre arma ved å trekkje seg saman over desse ledda. Dei viktigaste rørslene til muskelen er å supinere (utoverrotere) underarma i articulatio radioulnare og å bøye arma i olboga. I motsetnad til kva mange trur er ikkje m. biceps brachii den sterkaste bøyaren i olboga, det er det m. brachialis som er. Den er likevel den sterkaste supinatoren, og om ein treng mykje kraft i utoverrotasjonen, lyt ein bøye olboga i 90° vinkel for at m. biceps brachii skal få så stor ei vektarm som råd.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

Trass i namnet som impliserer ein muskel med to hovud, er m. biceps brachii ein muskel som kan gje seg til uttrykk i mange variantar. Hos om lag 3 % vil muskelen vere trehovuda, og særsynt kan det òg vere fleire hovud enn tre. Vanlegvis vil det tredje hovudet ha utspring medialt for m. brachialis og gå saman med det korte hovudet, eller springe ut ved festet til m. deltoideus[3]. Den distale sena er i 40 % av tilfella heilt delt i to, medan den dannar en bifurcatio, Y-deling, i 25 % av tilfella. [4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Musculus coracobrachialis, som går frå processus coracoideus ned til ventralsida på mediale humerus.
  • Musculus brachialis, som byrjar ventralt på mediale humerus og går ned på tuberositas ulnae på underarmsbeinet, ulna.
  • Musculus brachioradialis, som byrjar lateralt på distale humerus og går ned over olboga og festar distalt på radiusprocessus styloideus radii.
Fil:Gray411.png
Kvar m. biceps brachii sit på overarma.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Musklane og fasciane på arma (engelsk). Anatomy of the Human Body (Gray's Anatomy). Vitja 31. mai 2012.
  2. Musklane og fasciane på arma (engelsk). Anatomy of the Human Body (Gray's Anatomy). Vitja 31. mai 2012.
  3. Kumar, Hitendra (2008). Eit anatomisk innsyn i musculus biceps brachii sitt tredje hovud (engelsk). Bratislava Medical Journal 76-78. Vitja 31. mai 2012.
  4. Dirim, Berna (desember 2008). Terminal bifurkasjon av musculus biceps brachii og sena: Anatomiske omsyn og kliniske følgjer (engelsk). American Journal of Roentgenology 191-198. Vitja 31. mai 2012.