Musculus serratus posterior superior
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Musculus serratus posterior superior | |
|---|---|
| M. serratus posterior superior er vist i raudt. | |
| Norsk namn | Den øvre bakre sagmuskelen |
| Gray's | subject #114 404 |
| Utspring | Ligamentum nuchae og ryggtaggane processi spinosi C7-Th3 |
| Feste | Overkanten av det andre til det femte ribbeinet. |
| Arterie | aa. intercostales. |
| Nerve | Andre til femte nn. intercostales. |
| Rørsle | Trekkjer opp ribbeina som hjelper til med å puste inn. |
Musculus serratus posterior superior (frå latin serrare - «å sage», posterior - «bakre», superior - «øvre»), på norsk òg kalla den øvre bakre sagmuskelen, er ein tynn muskel som ligg heilt inntil ribbeina i den øvste, dorsale delen av brystkassa.
Han kjem frå ein tynn og brei aponevrose frå den nedste delen av ligamentum nuchae, frå ryggtaggane i den øvre delen av brystregionen, processi spinosi C7-Th3, og frå ligamentum supraspinalis. Muskelen søkk nedover og lateralt og deler seg opp i fire muskelbukar, og dei festar på andre til fjerde ribbein.
Han har som funksjon å hjelpe til ved respirasjon og er med det ein aksessorisk respirasjonsmuskel.