Musculus serratus anterior

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Musculus serratus anterior
Serratus anterior.png
M. serratus anterior vist i raudt.
Norsk namn Den fremre sagmuskelen
Gray's subject #122 438
Utspring Ytterflata på dei øvste 8-9 ribbeina utanom den første
Feste    Den costale kanten av margo medialis scapulae
Arterie A. thoracica lateralis (øvste delen) og a. thoracodorsalis (nedste delen).
Nerve N. thoracicus longus
Rørsle Abduksjon og stabiliering av scapula, medverkar i oppoverrotasjon.
Antagonist M. rhomboideus major, M. rhomboideus minor, m. trapezius

Musculus serratus anterior (frå latin: serrare - «å sage», anterior - «fremre»), på norsk òg kalla den fremre sagmuskelen[1] er ein muskel som ligg inn mot brystkassa under armhòla, axilla og rører skulderbladet scapula.

Utspring og feste[endre | endre wikiteksten]

Han spring ut frå overflata til dei øvste ni eller ti ribbeina på framsida av brystkassa. Han er feste i ribbeina i muskelbuntar som strekkjer seg fram på kvart ribbein,[2] og slik får muskelen den sagtannliknande utsjånaden som gir namnet serratus. Han festar på heile den fremre delen av den mediale skulderbladskanten, margo medialis scapulae, og når han trekkjer seg saman vil skulderbladet bli trekt ut og framover.

Innervasjon[endre | endre wikiteksten]

Scapula alata som er vist her kjem av at n. thoracicus er lamma.

Muskelen får nerveforsyninga si frå n. thoracicus longus. Han kjem frå overarmsflettverket, plexus brachialis, og går ut frå ryggmergen ved C6-C8, det vil seie frå det sjette til det åttande halsryggmergssegment. Han fér heilt inferiort på muskelen før han breier seg inn i muskelen.

Ved lamming av n. thoracicus longus vil ein ikkje klare å trekkje skulderbladet inn mot baksida av brystkassa om ein skyt fram armane. Det resulterer i venging av skulderbladet, scapula alata.[3] Det kan skje etter visse kirurgiske inngrep ved at ein skadar nerven, inngrep slik som fjerning av lymfeknutar i armhòla som er vanleg ved brystkreft. Det kan òg hende om ein ber tunge sekkar over skuldrene. [4]





Fleire bilete[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Musculus serratus anterior

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dahl, Hans A.: Menneskets funksjonelle anatomi, Cappelen Damm AS, 2010, 3. utgåva, s. 393
  2. Det radiologiske fakultetet, Universitetet i Washington - 14.12.2012
  3. Nevro-NEL Scapula alata
  4. Wikipedia.org - Long thoracic nerve (engelsk), 14.12.2012