Musikkmagasinet Q

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Q er eit britisk musikkmagasin som kjem ut ein gong i månaden. Det blei starta av Mark Ellen og David Hepworth i 1986 med inspirasjon frå Rolling Stone og med undertittelen «The modern guide to music and more», 'Den moderne vegvisaren til musikk og meir'. Magasinet inneheld ein stor meldingsdel der det vurderer nye musikkutgjevingar, gjenutgjevingar, samleplater og konsertar. Det melder også film, radio og fjernsyn.

Opphavleg hadde ein tenkt å kalla bladet Cue, som viser til å setja i gang ei plate, men sidan ordet også kan visa til ei biljardkø lett kunne forvekslast med eit blad om dette spelet. Ein valde i staden å bruka bokstaven Q som tittel, som på engelsk er homofon med cue. Bokstaven åleine hadde også den fordelen at han skilde seg ut frå andre tidsskrift i bladhylla.

Spire Denne medieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.