Nærøyane

Koordinatar: 61°37′49″N 04°57′48″E / 61.63028°N 4.96333°E / 61.63028; 4.96333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°37′49″N 04°57′48″E / 61.63028°N 4.96333°E / 61.63028; 4.96333

Nærøyane
øy
Fylke Vestland
Kommune Kinn kommune
Høgaste punkt 17 moh.
Folketal 9  (2023)

Nærøyane er ei øygruppe i Kinn kommune i Vestland fylke. Folketalet i 2023 er ni personar. Dei største øyane er Apalholmen, Brendholmen, Nordre Nærøya, Søre Nærøya og Tollaksøya. Øyane har ikkje vegsamband, men rutebåten frå Florø går innom Tollaksøya ved førehandstinging. Med unntak av Tollaksøya utgjer øygruppa Nærøyane naturreservat og fuglefredingsområde.

På Nordre Nærøya ligg tre gravrøyser frå jernalderen og éi frå bronsealder eller jernalder.[1] Ved folketeljinga i 1900 var fire av øyane busette.

Folketalsutvikling

1900[2] 2000[3] 2023[3]
46 17 9

Kjelder[endre | endre wikiteksten]