Florø
| Kveldsstemning i Florø | ||
| Plassering | ||
|---|---|---|
|
|
||
| Flora i Sogn og Fjordane | ||
| Geografi |
|
|
| Folketal[1] | 8 555 (2011) | |
| Folketettleik | 1 430,6 /km² | |
| Areal[1] | 5,98 km² | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Annan informasjon | ||
| Ferdselsårer | ||
| Preposisjon | i Florø | |
Florø er administrasjonssenteret i Flora kommune i Sogn og Fjordane fylke.
Florø hadde bystatus frå 1860 etter utskiljinga frå Kinn kommune og fram til 1964 då byen vart slegen saman med kommunane Kinn, Bru og Eikefjord til bykommunen Flora. Florø vert likevel ofte omtala som Noregs vestlegaste by.
Næringslivet i Florø er eksportretta og hovudnæringane er fiskeindustri, skipsbygging, forsyningsbase for oljeindustrien og servicenæring. Byen er stoppestad for Hurtigruta
Byen trekk folk mellom anna gjennom det årlege Kinnaspelet og ein rockefestival. Helleristingane i Ausevika og Kystmuseet gjev eit historisk perspektiv.
Innhaldsliste |
[endre] Florø kommune
Florø vart skild ut frå Kinn kommune som eigen bykommune i 1860. 1. januar 1964 vart byen slått saman med Eikefjord, Kinn, Bru (utanom ein litan del), ein liten del av Vevring og ein liten del av Bremanger til den nye storkommunen Flora.
Folketalsutvikling for gamle Florø kommune frå 1920 til 1964:
| 1.12.1920[2] | 1.12.1930[3] | 3.12.1946[3] | 1.1.1951[4] | 1.1.1961[4] | 1.1.1964 |
|---|---|---|---|---|---|
| 1377 | 1405 | 1586 | 1808 | 1983 | 2040 |
[endre] Melodi Grand Prix
22. januar 2011 var Florø vertsby for den andre delfinalen i Melodi Grand Prix 2011. 4. februar 2012 skal dei vere vertsby for den tredje delfinalen i Melodi Grand Prix 2012.
[endre] Utmerkingar
- 1998: Miljøbyprisen.
[endre] Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2011.
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 4,0 4,1 Folkemengd i Flora 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå