Najaf
| Islam |
| Heilage stader |
| Mekka – Medina – Al-Quds (Jerusalem) – Najaf – Karbala |
| Sakralbygg |
| moské – minaret – mihrab – qibla – Kaba |
Najaf (نجف) er ein by i Irak og hovudstad i provinsen An Najaf. Najaf er ein av dei mest heilage stadene inna sjia-islam og senter for den politiske makta til sjiamuslimar i Irak. Byen ligg ved Eufrat, noko sør for Karbala og kring 160 km frå Bagdad. I 2003 hadde han kring 585 600 innbyggjarar.
Najaf er endemål for mange pilegrimsreiser. I byen ligg Imam Ali-moskeen, der stiftaren av sjia-islam skal vera gravlagd. I nærleiken ligg òg Wadi-us-salaam, fredsdalen, ein veldig gravplass som skal vera den største i den muslimske verda. Her er fleire profetar er lagt til kvile, og truande ønskjer framleis å bli gravlagd her, slik at dei kan stiga opp med imam Ali på dommedag.
Historie [endre]
Najaf skal ha blitt grunnlagd i 791 av abbasidekalifen Harun al-Rasjid. Etter kvart er han blitt fyld med skular, bibliotek og sufisenter slik at han blei den viktigaste byen for sjiittisk lærdom og teologi, på linje med Qom i Iran. Mange vidkjende teologar har studert her, til dømes Allameh Tabatabaei, Ayatollah Khomeini og Ayatollah Sistani.
Under det sunnidominerte styret til Saddam Hussein i Irak såg ein på byen med mistru, og det blei lagt band på dei religiøse aktivitetane til sjiamuslimar. Mot slutten av Gulfkrigen i 1991 braut det ut eit stort opprør som blei slege ned av det irakiske militæret.
Då amerikanske styrkar invaderte Irak i 2003 kringsette dei byen, men ønska ikkje å gå inn i han, av frykt for å få sjiaane imot seg. Rundt ti dagar etter at Bagdad fall gav Najaf opp motstanden.