Namjagbarwa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 29°37′50″N 95°03′19″E
Namjagbarwa
tibetansk skrift གནམས་ལྕགས་འབར་བ།, Namjagbarwa; Namcha Barwa
kinesisk skrift 南迦巴瓦峰, pinyin Nánjiābāwǎ Fēng
fjell
none  Namcha Barwa from the west, from Zhibai observation platform
Namcha Barwa from the west, from Zhibai observation platform
Land Flag of the People's Republic of China.svg Kina
Region Tibet
Fjellkjede Himalaya
   Namjagbarwa Himal
koordinatar 29°37′50″N 95°03′19″E
Høgd 7 782 m
Lettast tilkomst Sør-sørvestsida
Førstestiging av ein kinesisk-japansk ekspedisjon i 1992

Namjagbarwa eller Namcha Barwa er eit fjell i tibetansk Himalaya.

Etter den tradisjonelle Himalaya-definisjonen som seier at fjellkjeda strekkjer seg frå Indus til Brahmaputra, er Namjagbarwa det austlege startpunktet for heile kjeda. Fjellet er den høgaste toppen av sin kjededel, Namjagbarwa Himal, og er det austlegaste fjellet i Eurasia som er over 7 600 meter.[1]

Namjagbarwa når 5 000 til 6 800 over elva Yarlung Tsangpo.[2] Elva renn rundt fjellet i ein stor boge før ho skjer gjennom Himalaya i Sangpo- eller Dihang-ravinen,[3] og blir etter dette kalla Dihang og deretter Brahmaputra. Nord-nordvest for Namjagbarwa ligg Gyala Peri på 7 294 meter.

Klatring[endre | endre wikiteksten]

Fjellet blei skildra i 1912 av britiske landmålarar, men fjellet blei ikkje klatra. Etter at Batura Sar (7 795 moh.) i Karakoram blei klatra i 1976 var Namjagbarwa det høgaste fjellet i verda som ikkje var bestige.[4] Fjellet blei først vitja av klatrarar frå 1980-åra.[5] I 1990 utforska ein japansk-kinesisk ekspedisjonen fjellet.[6] Ein andre japansk-kinesisk ekspedisjon nådde 7 460 m i 1991, men mista klatraren Hiroshi Onishi i eit snøskred.[7] I 1992 klarte ein tredje japansk-kinesisk ekspedisjon å ta seg over nabofjellet Nai Peng (7 043m) og nådde toppen av Namjagbarwa 30. oktober.[8] U.K. Alpine Club har ikkje oppført fleire klatringar.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Neate, Jill (1990). High Asia: An Illustrated History of the 7,000 Metre Peaks. Seattle: Mountaineers Books. ss. 1–4;14–15. ISBN 0-89886-238-8. 
  2. Namjagbarwa Mountaineering Map (1:50,000), Chinese Research Institute of Surveying and Mapping, China Mountaineering Association, 1990, ISBN 7-5031-0538-0; High Asia digital elevation models
  3. «A river´s bend -- Trip to Yarlung Zangpo Canyon». CCTV-International. http://english.cctv.com/20100129/101800.shtml. Henta 2013-10-19. 
  4. American Alpine Journal 1993, pp. 279-280.
  5. Neate, 1990, op. cit.. 
  6. «Namcha Barwa». American Alpine Journal (Boulder, Colorado: American Alpine Club) 33 (65): 285. 1991. 
  7. Tsuneo Shigehiro. «Japan China joint expedition to Namcha Barwa 1992». http://www.jac.or.jp/english/kiroku/1992/namc92_e.htm. Henta May 19, 2011. 
  8. «Shigehiro, 1992, op. cit.». http://www.jac.or.jp/english/kiroku/1992/namc92_e.htm. 
  9. «Himalayan Index». London: Alpine Club. http://www.alpine-club.org.uk/hi/screen1.php. Henta May 18, 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]