Himalaya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Himalaya sett frå den internasjonale romstasjonen.

Himalaya er ei fjellkjede i Asia som omfattar fleire av verdas høgaste fjelltoppar. Fjellkjeda deler Sør-Asia (India og det nordlege Pakistan) i sør frå det store tibetanske platået (no ein del av Kina) i nord. To sjølvstendige land, Nepal og Bhutan, ligg i den sørlege delen av fjella.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilde av fjellkjeda.

I Himalaya ligg verdas høgaste fjell Mount Everest (8850 moh.), K2 (8611 moh.) og Kantsjendjunga (8598 moh.).

Større elvar som Brahmaputra, Ganga, Indus, Jamuna og Yangtze har utspring i Himalaya.

Himalaya heng saman med fjellkjedene Hindu Kush i Afghanistan og Karakoram i Pakistan, som også kan reknast som delar av Himalaya.

Ordsoge og mytologi[endre | endre wikiteksten]

Solnedgang i Himalaya, sett frå Mussoorie.

Ordet Himalaya er av sanskrit-opphav og tyder «snøheimen» (sanskrit him, «snø», og aalaya, «heim»). I sanskrit og hindi vert Himalaya uttala med den første a-en lang og den siste kort, altså /himaal-ya/.

Fjellkjeda er viktig i hinduismen, som omtalar han i fleire hymne og held personleggjeringa av fjella, Himavat, som gud og far til gudinna Parvati. I tillegg er fleire enkeltfjell og stader heilage for hinduar, buddhistar og sikhar, mellom anna Kailasa, eit fjell som er heilag for buddhistar og hinduar, rekna som heimen til Sjiva og Parvati, Badrinath, eit hindutempel tileigna Visjnu, Vaishno Devi, eit tempel tileigna morgudinna Durga, og Sri Hemkund Sahib, der sikh-guruen Gobind Singh skal ha meditert i eit tidlegare liv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Himalaya