Nashville

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nashville
by
Land  USA
Areal 1 367,25 km²
Folketal 689 447 (2020)[1]
Kart
Nashville
36°9′44″ N 86°46′28″ W
Wikimedia Commons: Nashville, Tennessee

Nashville er ein by i delstaten Tennessee i USA. Byen er sidan 1843 hovudstad i delstaten og har ikring 635 000 ibuarar (2013). Byen er administrasjonssenter for Davidson County. Nashville ligg ved elva Cumberland, sentralt i delstaten.

Byen er eit senter for musikk, helsestell, forlagsdrift, bank- og transportnæringar. Fleire college og universitet har base i byen. Nashville er særleg kjend som eit senter i musikkindustrien og ber kallenamnet «Music City»; musikkbyen.

Nashville, som vart grunnlagd i 1784, er den nest mest folkerike byen i Tennessee, einast Memphis har fleire ibuarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nashville
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.census.gov/search-results.html?q=Nashville&page=1&stateGeo=none&searchtype=web&cssp=SERP&_charset_=UTF-8; vitjingsdato: 3. april 2023.