Nasjonalisering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nasjonalisering tyder oftast statleg overtaking av samfunnsøkonomisk viktige naturressursar, infrastruktur og verksemder som energiproduksjon, tungtransport, større kredittinstitusjonar, nøkkelindustriar og så vidare. Slike nasjonaliseringar betyr ikkje i seg sjølv ein sosialistisk politikk, men har ofte vore ein del av dei sosialistiske partia sitt program i mange land. Tankegangen er at kommandohøgdene i økonomien bør vere underlagde demokratisk styring, og ikkje marknadskreftene.

Det motsette av nasjonalisering er privatisering.

Uttrykket sosialisering blir somtid nytta som synonym med nasjonalisering, og betyr samfunnsmessiggjering. Mange sosialistar meiner likevel at statleg eller anna offentleg overtaking av verksemder (nasjonalisering) ikkje er tilstrekkeleg, for å få til verkeleg sosialisering av ei verksemd må ein òg ha reell folkeleg kontroll, og staten må sjølvsagt vere demokratisk. Dei ser derfor ikkje dei to nemningane som synonyme.

På den andre sida kan ein ikkje tenkje seg eit sosialistisk samfunn utan visse nasjonaliseringar. Nasjonaliseringar kan derfor sjåast som ein nødvendig men ikkje tilstrekkeleg føresetnad for ei sosialistisk samfunnsordning.