Nattverdsoblat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nattverdsoblatar baka for bruk i Den katolske kyrkja. Den store vert bruka av presten slik at kyrkjelyden kan sjå, medan dei små er for utdeling til dei som tek del i nattverden.

Nattverdsoblat, eller hostie (av latin hostia, 'offer') i Den katolske kyrkja, er ein brødbit som vert bruka under nattverden. Tradisjonelt vert oblatane baka av kveitemjøl og vatn. I reformerte kyrkjer spelar ingrediensane oftast mindre rolle.

Nattverdsbrødet er i den vestlege kyrkja normalt usyra brød, slik at det ikkje har skjedd nokon hevingsprosess. Av praktiske årsaker brukar ein normalt utstansa skiver, eit par millimeter tjukke og med ein diameter på 2-3 centimeter. I enkelte kyrkjer er det vanleg at presten under konsekrasjonen brukar ein større oblat.

I de austlege kyrkjene er det normalt å bruke syra brød; dette var eit sentralt spørsmål under det store skismaet 1054. Også i vestlege kyrkjer er det i nyare tid blitt meir vanleg å bruke brød av konvensjonell form, og bryte opp brødet som ein del av førebuinga til måltidet.

I Den katolske kyrkja lærer ein at brødet i nattverden gjennomgår ein total og permanent forvandling til Kristi lekam, og derfor har ein den største respekten overfor konsekrerte hostiar. Dei vert gøymde i eit tabernakel, og dei kan bli utstilte og tilbedne. Innan luthersk teologi reknar ein også at brødet under nattverdsutdelinga vert Kristi kropp, men ikkje på ein slik måte at det ikkje enno er brød.

Sidan 1888 er alle norske nattverdsoblater i Den norske kyrkja blitt laga ved Diakonissehusets oblatbakeri - det vert produsert om lag 1,5 millionar oblater kvart år.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]