Naustroser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Naustrose på sjøstuedør på Hjertøya. Denne varianten har hår eller strålar.
Gavl frå Lyngværet på Hjertøya.

Naustrose er ei form for rissa graffiti som finst i gamle kystmiljø i Noreg.[1] Ho er vanlegvis danna av to sirkelbogar (vesica piscis, fiskeblære) med eit loddrett merke i midten. Graffitien førestiller eit kvinneleg kjønnsorgan (vulva). Andre namn på det er «modersmerket» og «sola».[2] Naustroser er å sjå innandørs og utandørs i naust, sjøstuer/rorbuer og gamle trebåtar.[2] Graffitien kan tolkast som eit fruktbarheitssymbol med uttrykk for ønske om godt fiske,[2] eller rett og slett uttrykk for seksuelle fantasiar.

Fiskerimuseet på Hjertøya finst to døme på naustrose. Ei er ute, og ei er innomhus. På båthallen som er bygd av delar av eit åttringnaust frå Lyngværet, kan ein sjå ho i bordkledinga i gavlveggen mot aust. Denne er truga, for kledingsbordet er i ferd med å rotne.

I sjøstua frå Daumannsholmen ved Teistklubben er naustrosa skore inn i fyllinga på innsida av døra som går inn i opphaldsrommet. Dette er ei frodig utgåve og plasseringa gjorde ho godt synleg i heile rommet.

I Vartdalsoga kan ein lese om striden om fiskerimerkinga etter kommunesamanslåinga med Ørsta i 1964. Det vanlege er å ha bokstaven til kommunen føre nummeret, men som ein Vartdalredar sa: «Før denne naustrosa [Ø-en] skal komme på båtane våre, skal eg registrere dei i Ålesund!»[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Romdalsmuseet (2011). Årbok 2011. Molde.  (oppgjeven av Bokmåls-Wikipedia)
  2. 2,0 2,1 2,2 Marit Anne Hauan (1996). Noahs ark". Tromsø museum, Universitetet i Tromsø. s. 11. 
  3. Per I. Myklebust (1999). Vartdalsoga band IV. Ørsta: Vartdal bygdeboknemnd. s. 208. ISBN 82-995369-0-1.