Naze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Naze

The Naze er eit nes på austkysten av England. Det ligg på kysten av Essex like nord for Blackwater og går utover i Nordsjøen. Området ligg sør for den doble elvemunningen til River Stour og River Orwell i Harwich og like nord for byen Walton-on-the-Naze.

Staden er ein viktig stoppestad for trekkfuglar og her finst derfor eit lite naturreservat. Myrene Hamford Water bak byen er òg av ornitologisk interesse med overvindrande ender og ringgås.

Naze er utsett for kraftig erosjon og dette truar både tårnet som står her og dyrelivet. Naze Protection Society er oppretta for å få kontroll over erosjonen. Området er derfor vorte nytta for studiar innan erosjon og metodar for å verne kysten. Av vern som er bygd finn ein eit dike, ei steinfylling, bølgjebrytarar og ein gjennomtrenlgeleg bølgjebrytar. Det er dumpa millionar av tonn med sand på stranda for å stoppe erosjonen av klippa. Erosjonen held likevel fram og held det fram slik vil Naze Tower truleg ha falle i havet innan 50 år.

Stadnamnet Naze kjem av gammalengelsk næss, som tyder nes.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 51°52′8″ N 1°16′46″ E