Nekrofili

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nekrofili er eit seksuelt avvik som gjer at ein blir tiltrukken av døde kroppar (lik). Ordet er sett saman av av gresk nekros ’død’ og philia ’elsk’, ’vennskap’) med den første kjende bruken i Psychopathia Sexualis av Krafft-Ebing frå 1886.

Nekrofile finn ofte utløp for lystene sine gjennom fantasiar der ein seksualpartnar speler livlaus, eller der ein speler ut drapsscenar. Det blir òg laga pornografi med nekrofile element.

Lovgjevinga rundt seksuell omgang med eit lik varierer frå land til land. Dei fleste steder vil det bli rekna som likskjending og er såleis forbode, mens i nokre land har eiga lovgjeving rundt emnet. Eit eksempel er Storbritannia som med Sexual Offences Act 2003 fekk eit eksplisitt forbod mot seksuell omgang med lik.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.