Nepotisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nepotisme vil seia at ein verdset og lønar kjennskap og venskap framføre kompetanse, til dømes ved å gje slekt og vener fordelar ved tilsetjingar og liknande. Ordet kjem frå det latinske ordet nepos, som tyder 'barnebarn' eller 'nevø'. Nepotisme vert sett på som ei form for korrupsjon.

Opphavet til ordet var då pavane i mellomalderen ofte sette inn slektningane sine i geistlege stillingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]