Nes og Hidra kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn nordover frå Andabeløy

Nes og Hidra kommune (Hitterø og Næs formanskabsdistrikt) var ein kommune i Vest-Agder fylke (då Lister og Mandal Amt), oppretta i 1837 og avvikla i 1893.[1]

Området utgjer no ytre delane av dagens Flekkefjord kommune, det vil seie kyrkjesokna Hidra og Flekkefjord (då Nes sokn), unnateke Flekkefjord by, som var eige formannskapsdistrikt. Kyrkjesoknet Nes hadde namn etter garden Nes, som har vore kyrkjestad for området sidan mellomalderen. Det var på Nes ladestaden, kjøpstaden og byen Flekkefjord etter kvart voks fram, og då formannskapsdistrikta vart oppretta i 1837 hamna området som før var garden Nes og Nes kyrkje (sidan Flekkefjord kyrkje) i Flekkefjord formannskapsdistrikt, medan resten av Nes sokn vart lagt til Nes og Hidra formannskapsdistrikt.[2]

Kommunesoge[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart oppretta ved innføringa av formannskapslovene i 1837.[1] Fyrste formannskapsmøtet vart halde 8. januar 1838 på garden Sunde i Nes.[3] 8. oktober 1893 vart kommunen nedlagt og området delt i to delar; Nes kommune og Hidra kommune. Ved delinga budde det 2075 personar i Hidra og 1704 i Nes.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Dag Juvkam. «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» s. 38. Statistisk sentralbyrå, 1999.
  2. Oluf Rygh (1912) «Nes herred» – i: Norske Gaardnavne : Oplysninger samlede til Brug ved Matrikelens Revision. 9 : Lister og Mandal Amt, s. 313 – Fabritius, Kristiania.
  3. Det kommunale selvstyre fyller 175 år. Nettstaden til Interkommunalt Arkiv i Vest-Agder IKS (12. januar 2012). Vitja 14. oktober 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 58°16′41″N 06°35′41″E