Vest-Agder fylke
| Vest-Agder fylke | ||
| Adm.senter | Kristiansand | |
| Areal | 7 276 km² | |
| Folkemengd | 176 353 (1. januar 2013) | |
| Folketettleik | 26,3 /km² | |
| Nettstad | www.vaf.no | |
| Politikk | ||
| Fylkesordførar | Terje Damman, H (2011) | |
| Fylkesmann | Ann-Kristin Olsen | |
| Målform | Nøytral | |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | ||
|---|---|---|
| Vest-Agder fylke på Commons | ||
Vest-Agder fylke er eitt av 19 fylke i Noreg. Fylket er det sørlegaste i landet og grensar til Rogaland i vest, til Aust-Agder i nord og aust og til Skagerrak i sør. Det omfattar kyststrekninga frå Kvåsefjorden aust for Kristiansand til Åna-Sira, den nedre delen av dalføret til Otra og dei nord–sørgåande dalane Mandalen, Audnedalen, Lyngdalen, Kvinesdalen og Sirdalen med omliggjande skogs-, hei- og fjellområde. I Vest-Agder ligg Noregs sørlegaste punkt, øya Pysen, søraust for Mandal. Lindesnes er det sørlegaste punktet på fastlandet.
Vest-Agder blei oppretta som fylke i 1685 då Agdesiden amt blei delt i Nedenes amt (nåverande Aust-Agder fylke) og Lister og Mandals amt (nåverande Vest-Agder fylke). Fylket fekk sitt nåverande namn i 1919. Administrasjonen i fylkeskommunen har hovudsete i Kristiansand.
Fylkesvåpenet til Vest-Agder er på grøn botn ei gull eik. Motivet er valt sidan eika var eit viktig råmateriale for eksport i Vest-Agder i tidlegare tider. Våpenet blei godkjent ved kongeleg resolusjon 12. desember 1958 og er teikna av Hallvard Trætteberg. Fylkesblomen til Vest-Agder er sommareik og fylkessteinen er farsunditt.
Innhaldsliste |
Samferdsel [endre]
Sørlandsbanen går aust–vest gjennom fylket eit stykke innanfor kysten. Dei mange nord–sørgåande dalane har gjort det naudsynt med ei rekke lange tunnelar på Sørlandsbanen mellom Kristiansand og grensa mot Rogaland, mellom anna landets 4. og 5. lengste jernbanetunnelar, Kvinesheitunnelen (9065 m) og Hægebostadtunnelen (8474 m). E 18/E 39 (E 18 aust for Kristiansand) går gjennom fylket like innanfor kysten. Vegen passerer alle dei viktigaste tettstadene unnateke Farsund og Vennesla. I nord går Fylkesveg 42 (Arendal–Egersund) gjennom fylket, på tvers av dei nord-sørgåande dalføra. I fleire av desse dalane går riksvegar som bind dei indre strøka saman med kystområda, mellom anna Setesdalsvegen (Riksveg 9, Kristiansand–Haukeligrend) nordover frå Kristiansand og Fylkesveg 43 nordover frå Farsund og Lyngdal. Vest-Agder hadde i 2005 3911 km offentlege vegar, 4,2 % av landets vegnett. Kristiansand har ferjesamband til Danmark. Kjevik flyplass ved Kristiansand har i tillegg til ei rekke innanlandske samband også internasjonal trafikk. Flyplassen på Lista har berre charter- og godstrafikk.
Klima [endre]
Fylket ligg delvis på kvar si side av det store vasskiljet i Sør-Noreg, og har område som er utsett for vestavinden, men òg område som er verna mot aust. Den rådande vinden er austleg om vinteren, og vest til nordvest om sommaren. Kyststrekninga ved Lindesnes og Lista har forholdsvis ofte kuling, sjølv om sommaren.
Februar er den kaldaste månaden av året og ved kysten har ein då ein middeltemperatur på litt over 0 °C, medan det er vanleg med –3 til –5 °C i innlandet. Juli og august har middeltemperaturar på 15–16 °C i lågareliggande strøk heile fylket.
Ytre strøk av Vest-Agder har ein årsnedbør på kring 1000 mm, men lengst aust kjem det mindre enn dette. Mest nedbør kjem det eit stykke frå kysten i ein sone som får 1500-2000 mm. Dei indre dalstrøka får igjen mindre nedbør enn dette. Somme vintrar kan det falle store snømengder i austlege område i austavinden, medan det blir lite snø vest for Lindesnes.
Vennesla har noregsrekorden for snøfall på 24 timar. Den 4. februar 1960 fall det heile 131,8 mm snø, og snødjupna auka frå 15 til 52 cm. Same døgn fekk Mestad i Oddernes 128,7 mm nedbør og her auka snødjupna med 77 cm, frå 19 til 96 cm. Indre og høgare strøk kan få mykje snø i byevêr frå vest til nordvest.
Heiene har ein del tåke, særleg på hausten, medan kysten har mest tåke om våren.
Kommunar [endre]
| Nr. | Namn | Adm.senter | Folkemengd | Flatevidd km² | Målform | Distrikt |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1001 | Kristiansand | 83 299 | 276 | Bokmål | Kristiansandregionen | |
| 1002 | Mandal | 15 141 | 222 | Bokmål | Lindesnesregionen | |
| 1003 | Farsund | 9 429 | 262 | Bokmål | Listeregionen | |
| 1004 | Flekkefjord | 9 026 | 543 | Bokmål | Listeregionen | |
| 1014 | Vennesla | 3 518 | 384 | Nøytral | Kristiansandregionen | |
| 1017 | Nodeland | 6 154 | 216 | Nøytral | Kristiansandregionen | |
| 1018 | Tangvall | 10 836 | 151 | Bokmål | Kristiansandregionen | |
| 1021 | Heddeland | 2 277 | 395 | Nøytral | Lindesnesregionen | |
| 1026 | Kyrkjebygd | 906 | 888 | Nynorsk | Lindesnesregionen | |
| 1027 | Konsmo | 1 687 | 251 | Nøytral | Lindesnesregionen | |
| 1029 | Vigeland | 4 761 | 317 | Bokmål | Lindesnesregionen | |
| 1032 | Aleen | 7 934 | 391 | Bokmål | Listeregionen | |
| 1034 | Tingvatn | 1 661 | 462 | Nynorsk | Listeregionen | |
| 1037 | Liknes | 5 846 | 963 | Nøytral | Listeregionen | |
| 1046 | Tonstad | 1 823 | 1 555 | Nøytral | Listeregionen | |
| Totalt | Kristiansand | 176 353 | 7 276 | Nøytral | Vest-Agder |
Kjende personar frå Vest-Agder [endre]
Kjelder [endre]
- Om Vest-Agder - Vest-Agder fylkeskommune Vitja 4. august 2010
- Store norske leksikon, snl.no, «Vest-Agder fylke»
- Store norske leksikon, snl.no, «Vest-Agder – klima»
Referansar [endre]
- ↑ Vertikale strekar markerer grenseendringar. Kjelde: SSB
Bakgrunnsstoff [endre]
- Vest-Agder fylkeskommune
- Fylkesmannnen i Vest-Agder
- Kulturnett Vest-Agder
- Vest-Agder-museet - Samskipnad av sju kulturhistoriske museum i Vest-Agder
| Kommunar i Vest-Agder | ||
|---|---|---|
| Audnedal · Farsund · Flekkefjord · Hægebostad · Kristiansand · Kvinesdal · Lindesnes · Lyngdal · Mandal · Marnardal · Sirdal · Songdalen · Søgne · Vennesla · Åseral | ||
| Fylke i Noreg | ||
|---|---|---|
| Akershus · Aust-Agder · Buskerud · Finnmark · Hedmark · Hordaland · Møre og Romsdal · Nordland · Nord-Trøndelag · Oppland · Oslo · Rogaland · Sogn og Fjordane · Sør-Trøndelag · Telemark · Troms · Vest-Agder · Vestfold · Østfold | ||