Neuschwanstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Neuschwanstein sett frå Marienbrücke.

Neuschwanstein slott (tysk Schloß Neuschwanstein, 'nye svanestein slott') ligg i Tyskland, nær Hohenschwangau og Füssen i Sørvest-Bayern, ikkje langt frå den austerrikske grensa. Det er ein av dei mest fotograferte bygningane i Tyskland, og er eit populært turistmål.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ludwig II, konge over Bayern, var mannen bak slottet. Før han tok til, skreiv han til Richard Wagner, som han beundra høgt:

«Det er intensjonen min å bygge opp att den gamle ruinen Hohenschwangau nær Pöllat Gorge i den same stilen som slotta til dei tyske riddarane, og eg må tilstå til deg at eg ser veldig fram til å bu der ein dag (om ein tre års tid) der vil bli fleire koselege, bebuelege gjesterom med ei fantastisk utsikt over det fornemme Säuling, Tyrol-fjella og vidt over slettene: dykk veit det, æra gjestar eg vil like å ha buande der; plassen er ein av dei mest nydelege som finst, heilag og utilgjengeleg, eit verdig temple for den guddommelege venen som har bragt frelse og ekte velsigning til verda. Det vil òg minne dykk om 'Tannhäuser' (sanghallen, med ei utsikt over slottet i bakgrunnen), 'Lohengrin' (slottsgarden, opne korridorar, sti til kapellet); dette slottet vil på alle måtar bli meir nydeleg og bebueleg enn Hohenschwangau lenger nede, som blir vannhelliga kvart år av prosaen frå mi mor; det kjem til å ta hemn, det vannhelliga gods, og kome å bu med oss I våre opphøga høgder, og puste i lufta til himmelen.» [treng kjelde]

Grunnsteinen til Neuschwanstein vart lagt den 5 september 1869, inngangspartiet vart bygd fyrst, og Ludwig II budde der i fleire år. Då Ludwig II døydde i 1886, var Neuschwanstein endå ikkje ferdig, arbeidet stogga nesten opp, og ikkje før i 1891 vart ein forenkla versjon av den øvste gardsplassen ferdig. Det fullførte Neuschwanstein har 360 rom, der berre 14 vart ferdige før Ludwig II døydde.

Et bilde av slottet frå 1890-åra.

I dag[endre | endre wikiteksten]

Sju veker etter at Ludwig II døydde i 1886 vart Neuschwanstein opna for ålmenta. Den folkesky kongen hadde bygd slottet for å trekkje seg tilbake frå det offentlege liv, og no kom store folkemengder for å sjå hans private tilfluktsstad.

Kvart år besøkjer over 1,3 millionar menneskjer Neuschwanstein, og ca 6000 personar kjem kvar dag om sommaren for å sjå romma der «eventyrkongen» budde. Slottet var ein inspirasjon for «torneroseslottet» i Disneyland.

Slottet er eigd av staten Bayern. Sidan 1990 har staten brukt rundt 11,2 millionar euro på renovasjon og vedlikehald av slottet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]