Richard Wagner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Richard Wagner
RichardWagner.jpg
Richard Wagner
Verkeleg namn Wilhelm Richard Wagner
Fødd 22. mai 1813
Død 13. februar 1883

Wilhelm Richard Wagner (22. mai 181313. februar 1883) var ein viktig tysk komponist, dirigent, musikkteoretikar og skribent. Han er primært kjend for sine operastykke, eller musikkdrama, som han seinare kalla dei. Verka han lagde, særleg frå den seinare perioden, blir kjenneteikna av ein kontrapunktisk struktur, rik kromatikk, fyldig harmonisk utforming og orkestrering, og ein velutvikla bruk av ledemotiv: musikalske tema som er assosiert med bestemte personar, stader eller hendingar i operaen. Det kromatiske musikalske språket Wagner brukte var eit viktig skritt på vegen mot ekstremkromatikk og atonalitet innanfor den europeiske klassiske musikken. Han bidrog også til utviklinga av musikken med sin idé om det totale kunstverket eller einingskunstverket (das Gesamtkunstwerk) som nådde høgdepunktet sitt i den monumentale tetralogi, Der Ring des Nibelungen (Nibelungenringen) frå 1876. Bruken av ledemotiv utøvde også ein viktig påverking på mykje filmmusikk i det 20. århundre.

Wagner var og forblir ein kontroversiell person, både for sine musikalske og dramatiske bidrag, og for sine antisemittiske og politiske overtydingar.

Han er visstnok også grunnen til at mange trur Vikingar sine hjelmar hadde kuhorn. Slike har arkeologien aldri funne, og det passar heller ikkje i strid. Det seiest at i ei av Wagner sine framføringar fekk dei som spelte vikingar horn så tilskodarane skulle kunna skilje dei stridande partane frå einannan.

Wagner var fødd i Leipzig i Sachsen i Tyskland og døydde i Venezia i Italia.

Spire Denne musikkartikkelen som har med Tyskland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.