New River i England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
New Gauge House (1856) der vatnet forlet Lea ved byrjinga av New River

.

New River er ein kanal som vart opna i 1613 for å forsyne London med drikkevatn, og stadig utgjer ein del av drikkevassforsyninga i London. Ho byrjar i elva Lee i Hertfordshire og gjekk opphavleg til New River Head i bydelen Islington – men endar i dag i Stoke Newington nord for byen.

Fram til 1600 fekk London drikkevatnet sitt dels frå Themsen, dels frå småelvar som Fleet og frå brønnar og kjelder. Noko leidningsnett fanst knapt, og vatnet vart distribuert i byen av seljarar som bar vatnet omkring i trebøtter. Og etter som byen voks, vart vasskjeldene meir og meir forureina.

I 1600 kom Edmund Colthurst med ideen å bringe vatn frå Hertfordshire og Middlesex til London. Planen fekk kongeleg godkjenning i 1604, og Colthurst starta på eigen kostnad arbeidet med å grave ein kanal frå Chadwell Spring. I 1609 vart leiinga av arbeidet overlate Hugh Myddelton, gullsmed og eventyrar, som tilsette matematikaren Edward Wright til nivellerings- og stikkingsarbeida, med Colthurst som inspektør. I 1611 innsåg Myddelton at det ikkje var avsett pengar nok til å fullføre prosjektet. Ho fekk då kong James I til å skyte til halvparten av kostnadene, mot at New River vart lagt over eigedomen hans Theobalds.

New River vart lagt langs 100-fotkoten gjennom Lee Valley og vidare fram til London med eit fall på berre 5,8 m over den 62 km lange strekninga. 200 arbeidarar var i sving med sjølve gravearbeida, og i tillegg trengtes tømrarar o.a. handverkarar til tettingsarbeid og bygging av bruer. Inne i byen vart vatnet distribuert via roer av holte almestokkar. Total kostnad for prosjektet var 18 500 £. Dette imponerande stykket ingeniørkunst vart ferdigstilt i 1613, og opningsseremonien fann stad ved New River Head i Islington.

New River utgjer den dagen i dag ein vesentleg del av vassforsyninga i London med eit dagleg bidrag på 220 000 m³ – om lag 8 % av det totale forbruket. I løpet av åra er det gjort fleire ombyggingar og utvidingar av New River for å møte eit aukande behov. Dei opphavlege kjeldene Chadwell og Amwell Springs gav ikkje meir enn 10 000 m³ per dag, og i 1738 vart det gjeve løyve til å ta ut 102 000 m³ dagleg av elva Lee. Midt på 1800-talet vart kapasiteten fordobla ved at det vart installert pumpar til å ta ut vatn frå djupe brønnar langs kanalen.

Òg løpet er vorte endra; mange slynger er vorte retta ut, og nokre stader går New River no i røyrleidning eller i tunnel. Kanalen ender i dag i Stoke Newington, og total lengd er 38 km. New River har i dag ei gjennomsnittleg djupn på 2,5 m og ei breidd på 6 m. I løpet av 1990-talet har ein forbetra funksjonaliteten til New River med djupe borehol der ein kan føre vatn ned i bergartslaga i overskotsperioder for mellomlagring.

I 1904 vart drifta av New River overteke av Metropolitan Water Board, og i 1973 av Thames Water. I seinare år har Thames Water anlagt ei fotrute langs kanalen – New River Path.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]