Nikša Kaleb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nikša Kaleb
Statsborgarskap Kroatia
Fødd 9. mars 1973 (51 år)
Metković
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2004

Nikša Kaleb (fødd 9. mars 1973) er ein kroatisk tidlegare handballspelar frå Metkovic. Han vart verdsmeister 2003 og olympisk meister 2004 med Kroatia sitt landslag. Våren 2000 tok han del i RK Metković sin triumf i EHF-cupen. Kaleb spelte i hovudsak venstrekant.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Kaleb var del av det suksessrike Kroatia-laget som sigra i verdsmeisterskapen 2003 og dei olympiske leikane 2004, og sidan fekk sølvmedalje i såvel handball-VM 2005 som i handball-EM 2008. Frå 2001 til 2008 aksla Kaleb den kroatiske landslagstrøya 79 gongar og skåra 152 mål.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Kaleb var RK Metković-spelar frå han var 16 år gammal. Mellom anna vart han seriemeister med laget i 1994 og to gongar nasjonal cupmeister. I 2000 var han med på å vinne EHF-cupen. Året etter vart det tap i finalen i den same cupturneringa. I 2004 skifta Kaleb over til den sterkaste rivalen i kroatisk handball. Med RK Zagreb vann han både den kroatiske seriemeisterskapen og cupmeisterskapen i 2005, 2006, 2007 og 2008. Han la deretter opp.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]