Kroatia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Republika Hrvatska

(norsk: Kroatia, kroatisk)

Det kroatiske flagget Det kroatiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Lijepa naša domovino»
Motto Ikkje noko
Geografisk plassering av Kroatia
Offisielle språk Kroatisk
Hovudstad Zagreb
Styresett
Parlamentarisk republikk
Ivo Josipović
Zoran Milanović
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
56 594 km² (125.)
0,01 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
4 480 043 (123.)
79,2 /km² (89.)
Sjølvstende
25. juni 1991
Nasjonaldag 25. juni
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
78 520 mill. USD (78.)
17 500 USD (52.)
Valuta Kroatisk kuna
Tidssone UTC +1
Telefonkode +385
Toppnivådomene .hr


Republikken Kroatia er eit europeisk land. Landet ligg ved Adriatarhavet og grensar til Slovenia, Ungarn, Serbia, Montenegro og Bosnia og Hercegovina. Landet var tidlegare ein del av Jugoslavia. Hovudstaden heiter Zagreb. Kroatia vart medlem av Den europeiske unionen 1. juli 2013.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Kroatisk geografi.

Fastlandet er delt inn i to landområde, ei smal kystlinje langs Bosnia-Hercegovina, og eit større område som strekkjer seg austover på Balkanhalvøya.

Terrenget er variert, og i nord og nordaust er det sletter, innsjøar og bølgjande åsar som utgjer terrenget. Desse områda omfattar dei sentrale områda og Slavonia, i tillegg til delar av Den pannoniske sletta. I Lika, Gorski Kotar og Dei dinariske Alpane finn ein tett skogkledde fjellområde. Kysten langs Adriatarhavet er kupert frå halvøya Istria i nord, langs den nordlege kysten og sørover langs Dalmatia.

Langs kysten av Kroatia ligg det 1 185 øyar, holmar og skjer, og 47 av desse er busette med til saman 121 606 innbyggjarar (2001). Det er 651 øyar som ikkje er folkesette, og 467 holmar og skjer. Dei største øyane i Kroatia er Krk (410 km²), Cres (404 km²), Brač (396 km²), Hvar (298 km²), Pag (287 km²) og Korčula (273 km²)

Dei lengste elvene i landet er Sava som renn 562 km gjennom Kroatia (total lengd er 947 km), Drava 505 km (total lengde 707 km), Mura 438 km, Kupa 296 km og Donau (kroatisk Dunav) som renn 188 km gjennom Kroatia (elva si totale lengd er 2 857 km). Una er grenseelv mellom Bosnia-Herzegovina og Kroatia. Den vart kalla "den første" av romarane som kom til dette området.

Dei dinariske Alpane strekkjer seg frå nord til sør gjennom landet, og i Dalmatia ligg det høgaste fjellet, Dinara på 1 831 moh.

Landet er kjend for dei mange nasjonalparkane det har.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kroatia er delt inn i 21 fylke (kroatisk: županija), hovudstadsområdet er eit eige fylke.

Counties of Croatia.png
  1. Zagreb fylke (Zagrebačka županija)
  2. Krapina-Zagorje fylke (Krapinsko-zagorska županija)
  3. Sisak-Moslavina fylke (Sisačko-moslavačka županija)
  4. Karlovac fylke (Karlovačka županija)
  5. Varaždin fylke (Varaždinska županija)
  6. Koprivnica-Križevci fylke (Koprivničko-križevačka županija)
  7. Bjelovar-Bilogora fylke (Bjelovarsko-bilogorska županija)
  8. Primorje-Gorski Kotar fylke (Primorsko-goranska županija)
  9. Lika-Senj fylke (Ličko-senjska županija)
  10. Virovitica-Podravina fylke (Virovitičko-podravska županija)
  11. Požega-Slavonia fylke (Požeško-slavonska županija)
  12. Brod-Posavina fylke (Brodsko-posavska županija)
  13. Zadar fylke (Zadarska županija)
  14. Osijek-Baranja fylke (Osječko-baranjska županija)
  15. Šibenik-Knin fylke (Šibensko-kninska županija)
  16. Vukovar-Srijem fylke (Vukovarsko-srijemska županija)
  17. Split-Dalmatia fylke (Splitsko-dalmatinska županija)
  18. Istria fylke (Istarska županija)
  19. Dubrovnik-Neretva fylke (Dubrovačko-neretvanska županija)
  20. Međimurje fylke (Međimurska županija)
  21. Zagreb (Grad Zagreb)

Klima[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Kroatisk geografi.
Boravind i Kroatia

Kroatia har eit forholdsvis variert klima. Middelhavsklima dominerer i kystområda, men fjellkjedene som ligg like innanfor kysten gjer området til eit av dei våtaste i Europa, og vestsida av Dei dinariske Alpane kan få så mykje som 4 000 mm i året, nedbørsmengder som kan samanliknast med dei våtaste områda på Vestlandet i Noreg. Området får derimot lengre periodar med finvêr enn det Vestlandet får. Midtsommars er det stort sett berre sol, og dei indre områda kan få svært høge temperaturar. Den kalde boravinden kan derimot gje ein god del vind i området.

Dei lågareliggande områda i nord eit kontinentalklima som er meir likt Sentral-Europa. Nedbørsmengdene minkar mot aust, og vinteren er skya, sjølv i dei tørraste områda. Vind frå sør kan strøyme nordover, og fønvind kan gje temperaturar over 10 °C, eller kaldluft (kalla kosavavind) frå Karpatane kan strøyme sørover. Fjella i vest vernar desse områda frå den kjøligare havlufta, så temperaturane om sommaren kan bli svært høge.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

I Kroatia bur hovudsakleg kroatar (89,6 %). Dei viktigaste minoritetsgruppene er serbarar (4,5 %), bosnjakar, ungararar og italienarar.

Etnic.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane er

Tala er frå folketeljinga i 2001.

Historie[endre | endre wikiteksten]

300-talet f. Kr. koloniserte grekarar kystområdet og keltarar dei nordlege områda. Til 168 f.Kr. var Illyria eit eige kongerike som romarane la under seg og omdanna til provinsen Illyricum. I år 10 vart denne provinsen delt i to : provinsane Pannonia og Dalmatia. Ved delinga av Romarriket i 395 hamna det som i dag er Kroatia i Det vestromerske riket

Landet vart folkesett av slavisktalande kroatar, som innvandra på 500-talet e. Kr. Dei vart omvende til romersk-katolsk kristendom600-talet.

Frå 910 til 1091 var Kroatia eit sjølvstendig kongerike. Tomislav 1., som regjerte frå 910, sameinte pannoniske og dalmatiske hertugdøme og vart krona som den første kongen i Kroatia i 925 (kjeldene varierer mellom 923 og 928).

1102 kom landet under Ungarn (personalunion 1102-1536, styrt av habsburgarane 1537-1866, underlagt dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn 1867-1918). Slavonia i aust var 15261699 underlagt osmanske tyrkarar, medan serbarar i 1578 vart inviterte av habsburgarane til å busetja seg i grenseområda til Det osmanske riket, i området som vart kalla militærgrensa Krajina.

Kroatia vart 1. desember 1918 ein del av Serbarane, kroatane og slovenarane sitt kongedømme (frå 1929 Kongeriket Jugoslavia). Den nye statsdanninga var mykje dominert av serbarane, og tilhøvet mellom dei og kroatane var rimeleg dårleg.

Ndh 1941.png

Då aksemaktene Tyskland og Italia okkuperte Jugoslavia i 1941 såg somme kroatar sjansen til å oppnå sjølvstende frå serbarane, og det vart difor oppretta ein kroatisk fascist-stat, kalla Den uavhengige staten Kroatia (kroatisk Nezavisna Država Hrvatska, NDH), under leiing av Ante Pavelić og hans Ustaša-rørsle. Offisielt vart hertugen av Spoleto av det italienske kongehuset konge av Kroatia under namnet Tomislav 2. , men han kom aldri til Kroatia, og abdiserte etter Italias kapitulasjon i 1943. Ustaša-regimet forfølgde serbarar, sigøynarar og jødar på det grøvste. Særskilt illgjeten vart den kroatiske konsentrasjonsleiren i Jasenovac.

Etter 1945 vart Kroatia ein av dei seks delrepublikkane i det kommuniststyrte, føderative Jugoslavia, som stod under leiing av kroaten Josip Broz Tito. Kroatiske separatistar og den katolske kyrkja vart forfølgde av kommuniststyresmaktene, og mange reiste i eksil. Konfliktane vart synlege igjen i Kroatia 1971, då Kroatia freista å skaffa seg større sjølvstyre, m.a. for å kunne få meir kontroll over dei økonomiske ressursane sine. Dette førte til utreinskingar i både partileiing og regjering etter det som vart kalla Den kroatiske våren (Hrvatsko proljeće eller masovni pokret (MASPOK), «masserørsla».

Parallelt med aukande serbisk nasjonalisme i Beograd frå slutten av 1980-talet, auka òg den kroatiske nasjonalismen. Etter å ha halde folkeavrøysting 19. mai 1991, erklærte Kroatia seg som uavhengig stat den 25. juni 1991. Serbia og den jugoslaviske hæren JNA svarte med militær intervensjon for å sikra kontrollen over serbisk-befolka område i landet. Det vart ført harde kampar mellom serbiske separatistar; militsstyrker støtta av den føderale hæren, og kroatiske styrkar. Særleg gjaldt dette i Slavonia i nordaust, der byen Vukovar etter å ha blitt omlægra, bombardert og skoten på i 87 døgn nærast vart heilt øydelagd og i Krajina-regionen, område der folket delvis var etniske serbarar. I 1991 var 59.7 % av befolkninga i Krajina og Slavonia etniske serbarar (331 619 personar etter folketeljinga 1991), 30.2 % kroatar (168 026) og 10.1 % andre (55 895)

Også byen Dubrovnik i sør og andre byar langs Adriaterhavskysten var ei tid kringsette og vart bombarderte.

Ein eigen republikk for serbarane i Krajina (og Slavonia), Republika Srpska Krajina - forkorta RSK, vart proklamert den 19. desember 1991, med hovudstad i Knin. På sitt største omfatta RSK 17 028 km², dvs. 1/3 av Kroatias territorium. Rundt 80 000 kroatar og muslimar vart fordrivne frå området. Det var våpenkvile frå februar 1992 og FN-styrkar (UNPROFOR) vart utplasserte i området medan den jugoslaviske hæren JNA vart trekt ut.

Serbiske styrkar heldt Krajina-området inntil kroatiske styrkar i august 1995 rykte inn ("Operasjon Storm", kroatisk "Operacije Oluja" leia av Ante Gotovina) og 150-200 000 av serbarane flykta eller vart fordrivne. Kyrkjer, landsbyar og kulturminne vart øydelagde og titusenar av hus vart brende. Aust-Slavonia vart inkorporert i Kroatia igjen den 15. januar 1998 etter ein fredsavtale.

Kroatia vart, etter å ha blitt internasjonalt anerkjent, medlem av FN 1992 og av Europarådet i 1996. Landet søkte i 2003 om medlemskap i Den europeiske union (EU).

Nasjonalistleiaren Franjo Tudjman (kroatisk Franjo Tuđman) var landets president frå 1990 fram til sin død 10. desember 1999. I januar 2000 vann ein allianse av sosialdemokratar og sosialliberale valet på nytt parlament, og i februar same år vart Stipe Mesić vald til president. Ivica Račan frå Socijaldemokratska Partija Hrvatske (SPH), Kroatias sosialdemokratiske parti var statsminister januar 2000 til desember 2003. Etter valet 2003 vart han etterfølgd av Ivo Sanader frå det nasjonalistiske partiet HDZ (Hrvatska Demokratska Zajednica, Kroatias demokratiske union).

General Ante Gotovina, skulda for krigsbrotsverk og ettersøkt av ICTY (International Criminal Tribunal for the Former Yugoslavia) i Haag vart arrestert på Kanariøyane den 8. desember 2005.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Kroatia er ein parlamentarisk republikk (sidan 2000). Presidenten er folkevald og vert vald for fem år om gongen, maksimalt to periodar. Presidenten er øvstkommanderande for dei væpna styrkane og har ei viss påverkingskraft på utanrikspolitikken. Presidenten utnemner statsministeren, som er den som har mest reell makt. Statsministeren må ha støtte i parlamentet, (Sabor), som vert vald for fire år om gongen. Ved det siste parlamentsvalet, 23. november 2003, vart Hrvatska Demokratska Zajednica (HDZ) (Den kroatiske demokratiske unionen) det største partiet med 33,9 % av røystene. Statsministeren sidan då er HDZ sin leiar Ivo Sanader.

Noreg har ambassade i Zagreb.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Språk[endre | endre wikiteksten]

Statsspråket er kroatisk. italiensk har offisiell status i Istria. Kroatisk er eit sørslavisk språk, og nært i slekt med bosnisk og serbisk. Før oppløysinga av Jugoslavia var det vanleg å rekna desse språka som eitt språk, serbokroatisk.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Kroatane er tradisjonelt romersk-katolske kristne, sidan 700-800-talet. I dag er 87,8 % av folket romersk-katolsk, 4,4 % ortodokse kristne og 1,3 % sunni-muslimar. Her talar vi om religiøs identitet i "etnisk" meining, kor mange som faktisk er religiøse er ei anna sak.