Niklas Jonsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Niklas Jonsson (fødd 31. mai 1969) frå Piteå er ein svensk, tidlegare langrennsløpar. Han tok sølvmedaljen på 50 km under OL 1998 i Nagano, etter sekundstrid med olympiameisteren, Bjørn Dæhlie frå Noreg.

Jonssons beste VM-resultat var fjerdeplassen på femmila under VM 1999. Han gjekk aldri til topp i noko renn verdenscupen, men tok fire tredjeplassar i sesongane frå 1993 til 1999.

Jonsson vart svensk meister ved to høve, fyrst i 1993 då han vann 15 km og den siste i 1996 då han sigra på femmila. Han tevla for Pietå SGIF.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]