Bjørn Dæhlie
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjørn Erlend Dæhlie (fødd 19. juni 1967 i Elverum, Noreg) er ein tidlegare norsk langrennsløpar. Dæhlie vert rekna som ein av dei aller fremste utøvarane i skiidretten gjennom tidene. Han hadde gjennombrotet sitt i VM i Val di Fiemme i 1991 med 9. plass på 10 kilometer klassisk. I same meisterskap tok han sitt fyrste gull på jaktstart 15 kilometer. Han la opp i mars 2001, etter å ha slite med skadeproblemer over lengre tid. Bjørn Dæhlie bur på Nannestad og er gift med Vilde Falck-Ytter.
Utmerkingar [endre]
- For innsatsen sin under vinter-OL i 1992 vann Bjørn Dæhlie Fearnleys olympiske ærespris dette året.
- I 1992 vart han også tildelt Peer Gynt-prisen saman med Vegard Ulvang.
- I 1997 fekk han Aftenpostens Gullmedalje
- Holmenkollmedaljen i 1997
Kategoriar:
- Fødde i 1967
- Norske langrennsløparar
- Folk frå Elverum
- Folk frå Nannestad
- Olympiske meistrar for Noreg
- Vinnarar av Holmenkollmedaljen
- Vinnarar av Fearnleys olympiske ærespris
- Vinnarar av Aftenpostens Gullmedalje
- Norske deltakarar under vinter-OL 1992
- Norske deltakarar under vinter-OL 1994
- Norske deltakarar under vinter-OL 1998