Nils-Ole Foshaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils-Ole Foshaug

Fødd22. november 1970 (53 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
  • ordførar i Målselv (2015–2019)
  • vararepresentant til Stortinget (2017–2021)
  • stortingsrepresentant (2021–) Sjå dette på Wikidata

Nils-Ole Foshaug (fødd 22. november 1970) er ein norsk skulemann og politikar frå Målselv i Troms, ordførar 2015–19 i Målselv kommune. Sidan 2021 representerer han Troms og ArbeidarpartietStortinget.

Foshaug er utdanna lærar. Sidan 1998 har han hatt leiiande stillingar ved ulike skular i Målselv, både ved barneskule og ungdomsskule, og som inspektør og som rektor.

Foshaug var medlem av kommunestyret i Målselv frå 2007, ordførar perioden 2015–19. Arbeidarpartiet gjekk tilbake ved kommunevalet 2019 og Foshaug lukkast ikkje behalde ordførar-ombodet. Derimot vart han vald inn i Stortinget 2021-25 som andrekandidat for Arbeidarpartiet i Troms. På Tinget er han medlem i Utanriks- og konstitusjonskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]