Nordic Semiconductor
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordic Semiconductor ASA (tidlegare Nordic VLSI) i Trondheim er eit firma som utviklar og produserer integrerte krinsar. Selskapet har spesialisert seg på krinsar for trådlaus kommunikasjon og blanda signal-krinsar, men utviklar òg reine analoge og digitale krinsar. Hovudområdet er lågeffekt trådlause krinsar for 2,4 GHz området.