Nordtrafikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nordtrafikk er eit transportselskap som driv gods- og ambulansetransport i Nordland og Finnmark. Selskapet har hovudkontor på Sortland. Nordtrafikk dreiv tidlegare også buss-, ferje- og lokalbåttrafikk, men denne delen av selskapet (Nordtrafikk Buss og Nordtrafikk Maritim) blei i oktober 2006 kjøpt opp av Veolia Transport.

Veolia har bestemt at bussdrifta i Nordland skal drivast under namnet Vestfjord Buss, medan bussdrifta i Troms skal drivast under namnet Hålogaland Buss. Den maritime delen av selskapet i Nordland skal drivast under namnet Helgelandske, eit transportselskap som blei kjøpt opp av Veolia i 2005.[1][2]

Nordtrafikk-konsernet består i dag av følgjande dotterselskap: Nordtrafikk Ambulanse AS, Nordtrafikk Ambulanse Finnmark AS, Nordtrafikk Gods AS og Nordtrafikk Gods Lofoten AS.

Nordtrafikk blei skipa i 1936 under namnet A/L Langøya Biltrafikk. Seinare skifta selskapet namn til Vesterålens Trafikklag AS. I 1988 fekk morselskapet namnet Nordtrafikk AS.

Leiing[endre | endre wikiteksten]

Ole Lund Riber var konsernsjef fra 1987 til selskapet vart seld. Før ´87 var Ole Lund Riber soussjef i Nordtrafikks forgjengar Vesterålen Trafikklag.

Bedriftsovertakinger[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Vesterålen Online: Nordtrafikk blir "Vestfjord buss"
  2. Harstad Tidende: Hålogaland Buss er ny-navnet
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.