Norges Fiskarkvinnelag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norges Fiskarkvinnelag var ein norsk frivillig organisasjon som vart stifta i 1953 og lagt ned i 2011.

Frå 1946 og fram til 1952 vart det etablert fleire lokale fiskarkvinnelag. Det første var “Damegruppen Havglimt” som vart stifta i Kristiansund i 1946. Drivkrafta bak dette laget var Magda Pedersen.  

Dei lokale fiskarkvinnelaga jobba for å betre fiskarane sine kår. Det vart samla inn midlar til Fiskernes Hjelpefond, ofte berre omtalt som hjelpekassen, ei støtteordning retta inn mot fiskarar som blei sjuke eller uføre.

På eit styremøte i Noregs Fiskarlag i desember 1952 vart det starta eit arbeid med å sjå på forholdet mellom fiskarlaga og fiskarkvinnelaga. Dette resulterte i ein større organisatorisk prosess som enda med at Noregs Fiskarlags Kvinnelag vart etablert på Noregs Fiskarlags Landsmøte i 1953.

Tysdag 23. august 1955 opna Noregs Fiskarlags Kvinnelag sin første Landskvinnekonferanse på Folkets Hus i Trondheim. 16 representantar frå heile kysten deltok, og konferansen valde eit Landskvinneutval. Dette skulle bestå av tre medlemmar og vere eit bindeledd mellom fylkeskvinneutvala og Landsstyret i Noregs Fiskarlag. Desse var i det første Landskvinneutvalet:

  • Formann: Magda Pedersen, Kristiansund, Nordmøre
  • Personleg vara: Marta Rasmussen
  • Nestformann: Kristianna Olsen, Igerøy, Nordland
  • Personleg vara: Johanne Leonardsen
  • Sekretær: Aagot Johansen, Skjei, Leka, Nord-Trøndelag
  • Personleg vara: Ragnfrid Hendrikøy

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]