Norges Naturvernforbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Norges Naturvernforbund, NNV (engelsk: Norwegian Society for the Conservation of Nature) er den eldste og største natur- og miljøvernorganisasjonen i Noreg.

Organisasjonen vart stifta 1914 under namnet Landsforeningen for Naturfreding i Norge, og fekk sitt noverande namn etter ei omordning i 1963. Det opphavlege føremålet til Naturvernforbundet var å verne om naturen i landet med eigenarten, dyre- og platelivet der. I dag arbeider organisasjonen med alt som fell inn under det moderne omgrepet som gjeld natur- og miljøvern. Naturvernforbundet driv ei omfattande opplysningsverksemd overfor ålmenta, tek initiativ overfor styresmaktene i natur- og miljøvernsaker og uttalar seg i saker som vert lagt fram knytt til styresmaktene. Organisasjonen er delt inn i 18 fylkeslag, 100 lokallag og husa i 2006 om lag 20 000 medlemmer.

Forbundet gir ut tidsskriftet Natur & Miljø og har ein nettstad som er rik på innhald. Sekretariatet ligg i Oslo, styreleiaren er frå 2005 Lars Haltbrekken og generalsekretær er frå 2007 Jan Thomas Odegard.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]