Norsk Romsenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rakettskytefeltet på Andøya.

Norsk Romsenter (NRS) er eit offentleg forvaltningsorgan med særskilde fullmaktar underlege Nærings- og handelsdepartementet.[1]

Norsk Romsenter og norsk romverksemd har som mål å[1]:

  • skapa 10% årleg industriell vekst innan romverksemda
  • dekkja nasjonale brukarbehov innan romverksemd
  • oppnå intersnasjonale posisjonar innan romforsking
  • ha ei leiande rolla innan romerelatert bakkeinfrastruktur

Norsk Romsenter freistar ved sida av sine eigne program å oppnå måla ved medlemskapen i den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA).[1]

Senteret forvaltar staten sin eigardel på 90% i Andøya Rakettskytefelt, som blir drive på forretningsmessig grunnlag og deltek mellom anna i Europa sitt nye satellittsystem for navigasjon, Galileo.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Norsk Romsenter» - om Norsk Romsenter på senteret si offisielle heimesida