Norte i Portugal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Região Norte er ein region nord i Portugal. Området er dekka av tett vegetasjon og har ei rik historie og ein rik kultur. Administrasjonssenteret er Porto. Regionen har 4 034 271 innbyggjarar og eit areal på 21 278 km². Det er ein av fem regionar i Portugal. Norte er ein kulturelt variert region og rivalisering mellom nabobyar er vanleg.