Ny-Paradis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ny-Paradis

Ny-Paradis er ein veg på Paradis i Fana bydel i Bergen kommune. Han går sørover i ei sløyfe frå Statsminister Michelsens veg mot den smale bukta som vert kalla Dødehavet i Nordåsvatnet, før han snur nordover. Vegen er om lag 1 km lang.

Namnet vart vedteke i 1947. I 1983 vart Krohns veg ein parsell av Ny-Paradis. Krohns veg var ein tidlegare blindveg som gjekk sørvestover frå Statsminister Michelsens veg mot Ny-Paradis. Dette vegnamnet vart òg vedteke i 1947.

Området som Ny-Paradis går gjennom høyrer til garden Gamlehaugen.

Knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

  • Fv189 Statsminister Michelsens veg
  • Sideveg nordover (50 m)
  • Vegen delar seg i ei sløyve
  • Gang- og sykkelveg Skolestien til Statsminister Michelsens veg
  • Sideveg vestover (100 m) til andre sida av sløyfa i Ny-Paradis.
  • Sideveg sørvestover (160 m)
  • Sideveg vestover (200 m)
  • Sideveg vestover (80 m)
  • Avkjørsel Allébakken
  • Slutt på sløyfa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]